Obsidian er ein bergart som òg vert kalla naturleg glas som har same samansetnad som rhyolitt. Han er ei ikkje-krystalinsk omforming av lava saman med andre stoff som har vorte kjapt avkjøla etter vulkansk aktivitet. Hovudinnhaldet i obsidian er SiO2 (silika).

Obsidian

Generelt
KategoriVulkansk glas
Kjemisk formel70–75% SiO2,
pluss MgO, Fe3O4
Identifikasjon
FargeMørk svart
BrotMuslig
Mohs hardleiksskala5–6[1]
GlansGlasaktig
Spesifikk vekt~2,4[2]
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparGjennomsiktig
Kjelder[3]

Lavamasser som er rike på silika størknar ofte som glasbergarter som inneheld meir eller mindre vatn. Vassfattige varietetar blir kalla obsidian og splintrar opp i skarpkantede svarte eller mørke flak med gjennomskinnelege kantar. Vassrike (opptil 10 % vatn) kallast bekstein, medan dei skumaktig porete og oppblåste blir kalla pimpstein. Vulkansk glas med konsentrisk oppsprekking (pga kontraksjon ved avkjøling) vert kalla perlitt.

Amerikansk eksempel på pilspiss av obsidian.

Obsidian har namnet etter ein person i antikkens Roma, Obsius, som fann slikt naturleg glas i Etiopia og tok det med heim. Men arkeologiske funn frå steinalderen i Mellom-Austen og funn på det amerikanske kontinentet syner at obosidian har vore kjend i uminnelege tider som eit framifrå råstoff til å lage pilspissar og skjerereiskap av, då det lett kan spaltast til skarpe flak som om naudsynt kan verte så tynne at dei har vore nytta i moderne tid som blad til skalpellar (operasjonsknivar).

I Norden er obsidian funne på Island, framfor alt i Landmannalaugar, men òg fleire andre stader. Det islandske namnet for obsidian er hrafntinna.

Kjelder endre

  1. Peter Roger Stuart Moorey (1999). Ancient mesopotamian materials and industries: the archaeological evidence. Eisenbrauns. s. 108–. ISBN 978-1-57506-042-2. 
  2. Geological Survey (U.S.) (1981). Geological Survey (U.S.). The Survey. s. 185–. 
  3. Obsidian. Mindat.org