Japanstormsvale

fugleart
(Omdirigert frå Oceanodroma monorhis)
Japanstormsvale
Japanstormsvale
Japanstormsvale
Status
Status i verda: NT Nær truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormsvalefamilien Hydrobatidae
Slekt: Hydrobates
Art: Japanstormsvale H. monorhis
Vitskapleg namn
Hydrobates monorhis

Japanstormsvale (Hydrobates monorhis) er ein liten sjøfugl i stormsvalefamilien Hydrobatidae. Utbreiingsområdet er nordlege i Indiahavet og nordvestre Stillehavet frå Den arabiske halvøya til Vladivostok.

Dette er ein liten fugl, 18–21 cm i lengd med ein 45–48 cm vengespenn, men tydeleg større enn havsvale, Hydrobates pelagicus. Japanstormsvala er i hovudsak mørk brun i alle fjørdrakter, og har ei flagrande flukt, «vandrar» på havoverflata mens ho plukkar opp planktonisk føde. I motsetnad til havsvala, følgjer ho ikkje skip.

I struktur liknar ho mest på arten stormsvale, Oceanodroma leucorhoa, med sin kløyvde hale, langstrekte venger, og flygemåte, men japanstormsvala manglar kvitt på overgumpen og lætet er ulikt. Ho er vanskeleg å skilje frå andre einsfaga, mørke Oceanodroma-artar.

Japanstormsvale hekkar på øyar i nordvestre Stillehavet utanfor Kina, Japan og Korea. Hekkekoloniane ligg nær havet, reirplassar ligg i steinsprekker og dei legg eit einskild, kvitt egg. Utanom hekkesesongen lever dei til havs, i Indiahavet og Arabiahavet.

I juli 1983 vart ei japanstormsvale fanga på Selvagensøyane, Madeira, den første observasjonen i Atlanterhavet.[1] Sidan den gongen har arten vore registrert sporadisk i nordvestre Atlanteren. I Klepp kommune, Jæren, blei det fanga og ringmerkt ei japanstormsvale i 1996 og eit anna individ året etter. Den siste blei fanga igjen på same staden i 2000 og i 2003.[2]

Populasjonen er estimert til 260 000 hekkande individ (2004) og er stabil.[3]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. James, P.C., & Robertson, H.A. 1985. First record of Swinhoe's Storm Petrel Oceanodroma monorhis in the Atlantic Ocean. Ardea 73: 105-106.
  2. Rapportsystemet for fugler Observasjonar henta frå systemet 17. juni 2012
  3. BirdLife International, 2012

Bakgrunnsstoff endre