Ockelbo kommun
Ockelbo kommun er ein kommune i Gävleborgs län i Sverige. Kommunen grensar i Gävleborgs län til Bollnäs kommun i nordvest, Söderhamns kommun i nordaust, Gävle kommun i aust og Sandvikens kommun i sør. I tillegg grensar han til Falu kommun i Dalarnas län i vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Ockelbo. Dette ligg om lag 30 km nordvest for Gävle.
Ockelbo kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Gävleborgs län | ||
Landskap | Gästrikland | ||
Del av | Gästrikland, Q61663270, Q61663219, Hälsingland | ||
Centralort | Ockelbo | ||
Areal | 1 070 km² | ||
Folketal | 5 980 | ||
Folketettleik | 5,6 / km² | ||
Ockelbo kommun 60°53′00″N 16°43′00″E / 60.883333333333°N 16.716666666667°E | |||
Kart som viser Ockelbo kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Ockelbo Municipality | |||
Nettstad: www.ockelbo.se |
Ockelbo har lange tradisjonar for jernindustri, noko næringslivet i kommunen i dag framleis er prega av. Administrasjonssenteret Ockelbo har ein del mindre og mellomstore industriføretak.
Administrativ historikk
endreOckelbo landskommun, som ikkje vart påverka i kommunereforma i 1952, vart i 1971 slegen saman med Lingbo församling, som kom frå den då oppløyste Skogs landskommun, og dermed var Ockelbo kommun oppretta.
Kommunevåpenet
endreBlasonering: Eit skjold som loddrett er delt av grantre. På den venstre delen, tre loddrett oppstilte, grøne ringar på sølvbakgrunn, og på den høgre delen, ein loddrett oppstilt smedhammar i sølv på grøn bakgrunn.[1]
Hammaren symboliserer jernhandtering, grantrea skogsbruk og ringane dei (då) tre forsamlingane i kommunen. Våpenet vart registrert i Patent- och registreringsverket i 1985. Femten år seinare vart dei tre forsamlingane slegne saman til Ockelbo församling, men det er framleis tre ringar i kommunevåpenet.
Tettstader
endreDet er fire tettstader i Ockelbo kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. | Tettstad | Folketal |
---|---|---|
1. | Ockelbo | 2 709 |
2. | Lingbo | 421 |
3. | Åmot | 306 |
4. | Jädraås | 243 |
Kjelder
endreFotnote
endre- ↑ «Sköld genom granskura kluven i silver, vari tre stolpvis ställda gröna ringar, och grönt, vari en stolpvis ställd smideshammare i silver».