Théâtre de l'Odéon

(Omdirigert frå Odéon-teateret)

Théâtre national de l'Odéon, som frå mars 1990 har hatt namnet Odéon–Théâtre de l'Europe, er eit offentleg teater i Paris i Frankrike. Teateret ligg på place de l'Odéon i 6. arrondissement, og vart skipa i 1782. I perioden frå 1782 til 1793 nytta skodespelartruppen frå teateret Comédie-Française (kalla les Comédiens-Français) mellombels théâtre de l'Odéon (salle Luxembourg) som si hovudscene.

Dagens teaterbygning
Den fyrste teaterbygningen

Frå september 1971 har L'Odéon vore eit av seks teater i Frankrike som har status som nasjonalteater.

Teateret har vore utsett for fleire brannar. Den noverande teaterbygningen opna i 1819, og har frå 1947 vore verna som monument historique. Sal og scene er utforma «à l'italienne» (på italiensk vis), som vil seie at scena har form som ei kube og salen som ein halvsirkel. Eksteriøret er utforma i neoklassisistisk stil. Teateret har 800 plassar.

I tidas løp har teateret hatt mange ulike namn eller nemningar: Théâtre-Français du faubourg Saint-Germain (1782-1789), Théâtre de la Nation (1789-1793), Théâtre de l'Égalité (1794-1796), Théâtre de l'Impératrice et Reine (1808-1818), Second Théâtre-Français (1819-1990).

Bakgrunnsstoff endre