Oddbjørn Vegard By (fødd 24. juli 1981) er ein norsk «minnesutøvar» og forfattar. By kan memorera ein kortstokk på 43 sekundar, han har delteke i internasjonale meisterskap innan greina og er Grand Master of Memory. 14. februar 2006 sette han verdsrekord i memorering av flest siffer på eit minutt.[1] Han memorerte denne talrekka på 72 siffer og gjenkalte alt korrekt: 5081437342314775418552782999511263151696136284098040986216227157825491052.[2] Resultatet var fire siffer betre enn den gamle rekorden til doktor Gunther Karsten.

Oddbjørn By

Foto: Heidi By
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juli 1981 (43 år)
Førde
Yrke skribent
Nettstad https://oby.no/

Oddbjørn By har spelt volleyball og sandvolleyball for Førde volleyballklubb og BSI, og la opp etter 9. plass i NM 2012. Han har også spelt bordhockey, med 20. plass i NM 2006 som beste resultat.

Bibliografi

endre

Bøker

endre
  • 2019 – Memo : veien til bedre eksamen : husketeknikker for elever, studenter og alle som skal lære seg noe (Oslo: Kagge). ISBN 978-82-489-2406-7

Kjelder

endre
  1. «Memorisation of Written Numbers (1 Minute)». The International World Record Breakers' Club. Henta 28. september 2011. 
  2. Oddbjørn by (2006). «Verdensrekorden i memorisering av siffer på ett minutt». MEMO håndboka – den enkelste veien til bedre eksamen (på norsk bokmål). Kagge forlag. s. 178. ISBN 9 788248 906438. 

Bakgrunnsstoff

endre