Oddernes kyrkje er ei langkyrkje i Kristiansand kommune i Agder.

Oddernes kyrkje
Oddernes kirke
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Kristiansand
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Kristiansand domprosti
Sokn Oddernes
Fellesråd Kristiansand
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Material Stein og tre
Innvigd 1100-talet
 - Vigd til Heilag-Olav
 - Endringar M.a. 1630-åra, 1661, 1699, 1828, 1845, 1895, 1927, 2010
Klokker 3, frå ca. 1200, 1697 og 1901 (Olsen Nauen)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1704
Døypefont Ulrik Hendriksen, 1927
Altartavle 1704
Orgel Verschueren Orgelbouw Heythuysen, 1993
Sitjeplassar 510
Kart
Oddernes kyrkje
58°09′34″N 8°00′48″E / 58.15944444°N 8.01333333°E / 58.15944444; 8.01333333
Wikimedia Commons: Oddernes kirke

Kyrkja vart truleg oppført på 1100-talet. Kjeldene er usikre, men ein trur kyrkja avløyste ei trekyrkje som kan ha vore oppført på 1000-talet. Før byen Kristiansand fekk si eiga kyrkje i 1645, var dette kyrkja også for det området som no er Kristiansand sentrum. Kvadraturen i Kristiansand ligg på grunn frå Oddernes gard. Det finst førkristne gravhaugar i området der kyrkja står.

Mellomalderdelen av kyrkja (koret og ein del av skipet) er av stein. Kyrkja var om lag 21 meter lang før ho vart utvida mot vest i 1630-åra. I 1699 kom tårnet og våpenhuset i vest av tre, slik at kyrkja no er om lag 37,5 meter lang. Sakristiet (av tre) nord for koret er frå 1828. Vindauga vart utvida på 1800-talet, og portalar frå mellomalderen er murt att.

Interiør og inventar endre

Skipet har galleri i vest og nord. På galleribrystningane (i vest og nord) er det illustrasjonar i renessansestil frå forskjellige periodar. Brystningane har 44 rundbogar med bilete av profetar, apostlar og allegoriske figurar. Himlingen i skipet og koret har skymåling på himmelblå bakgrunn frå 1788.

Både altartavla og preikestolen er i svulmande akantusbarokk frå 1704. Stolen har evangelistbilete og eit kristusbilete, medan tavla har eit stort krossfestingsbilete i hovudfeltet.

Altartavla og preikestolen som stod i kyrkja før 1704, er overført til Herefoss kyrkje og Austad kyrkje i Setesdalen (den siste står no i bårehuset der).

Kyrkjegard endre

Det er kyrkjegard ved kyrkja. På nordsida er prestegarden. Eit stykkje nord for kyrkja er Oddernes kapell, som òg inneheld krematorium. Ved kapellet er hovudkyrkjegarden for Kristiansand by.

Kjelder endre

  • Peersen, Erik, red. (1990). Oddernes kirke 950 år. Kristiansand. 
  • Ekroll, Øystein, Stige, Morten og Havran, Jiri (2000). «Oddernes kirke». Kirkene i Norge, bind 1: Middelalder i stein. Oslo: ARFO. s. 114-115. ISBN 82-91399-09-3. 
  • «Oddernes kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja. 

Bakgrunnsstoff endre