Odenwald er ei fjellkjede sør i Hessen og nord i Bayern og Baden-Württemberg i Tyskland. Namnet kan ha sitt opphav som Odins WaldOdin sin skog»), men «Odes sin skog» er sannsynlegvis meir rett.

Katzenbuckel, det høgaste fjellet i Odenwald
Kart som viser Odenwald i Tyskland

Odenwald grensar til elva Neckar i sør og til elva Main i aust og heller slakt mot nord og vest. Den høgaste toppen er Katzenbuckel på 626 m. Odenwald er ein friluftstad for innbyggjarar i Mannheim og Frankfurt og er kjend for den reine lufta. Ein gong var det eit helsesanatorium her av den grunn. I skogane kan ein finne blåbær, jordbær og sopp.

Det finst fleire vakre landsbyar i området, som Weinheim ved Bergstraße og Michelstadt sentralt i Odenwald. Her finn ein brusteinslagde gater og arkitektur frå mellomalderen. Området har relativt få turistar. Byspreiing og forureining har vorte eit aukande problem i utkanten av området.

Kjelder endre