Oh Happy Day
LP av Edwin Hawkins Singers
frå albumet Let Us Go Into the House of the Lord
B-side

«Jesus, Lover of My Soul»

Språk engelsk
Utgjeve 1968 (April 1969 i USA)
Innspelt 1967, Ephesian Church of God in Christ, Berkeley i California
Sjanger Gospel
Lengd 4:59
Selskap Pavilion/Buddah
Låtskrivar(ar) Edwin Hawkins, basert på ein 1700-talssalme
Produsent Edwin Hawkins
Edwin Hawkins Singers-kronologi 
Oh Happy Day «All God's Children Got Soul»

(1969)


«Oh Happy Day» er ein gospelsong frå 1967 basert ein salme frå 1700-talet. Songen vart innspelt av Edwin Hawkins Singers og vart ein internasjonal hit i 1969, då han nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i USA, toppen av listene i Frankrike, Tyskland og Nederland og andreplassen på både UK Singles Chart og Irish Singles Chart. Han har sidan blitt ein gospelstandard.

Innspelinga er kjend for eit sordinert piano og at frontsongaren, Dorothy Combs Morrison, er dominerande i den venstre stereokanalen. Innspelinga vart gjort i kyrkja til Hawkins, Ephesian Church of God in Christ i Berkeley i California.[1]

Opphav

endre

Gospelarrangementet til Edwin Hawkins av salmen «Oh, Happy Day» har ei lang utvikling. Songen byrjar som ein salme på midten av 1700-talet («O happy day, that fixed my choice») av den engelske presten Philip Doddridge (basert på Apostelgjerningane 8:35) og sett til ein tidlegare melodi (1704) av J. A. Freylinghausen. På midten av 1800-talet fekk han ny melodi av Edward F. Rimbault, som òg la til eit refreng,[2] og vart ofte nytta til dåp og konfirmasjon i Storbritannia og USA. På 1900-talet vart songen endra 3/4-takt til 4/4-takt og dette nye arrangementet av Hawkins består berre av refrenget til Rimbault, utan dei originale versa.

B-sida til singelen var Hawkins sitt moderne arrangement av «Jesus, Lover of My Soul» opphavleg skriven av Charles Wesley i 1740.[3][4]

Ettermæle

endre

Arrangementet til Hawkins vart raskt ein «standard» og har sidan blitt spelt inn av hundrevis av artistar. Songen vart innlemma på lista til RIAA over Songs of the Century og Hawkins vann Grammy-prisen for beste soulgospelsong i 1970 (framført av The Edwin Hawkins Singers).[5]

I konsertversjonar og akustiske versjonar av Nick Cave-songen «Deanna» (1988), er det brukt delar av «Oh Happy Day», noko som har avslørt inspirasjonen Cave hadde då han skreiv songen.[6] George Harrison har sagt at songen var hovudinspirasjonskjelda hans då han skreiv den internasjonale hitsingelen «My Sweet Lord» i 1970.[7]

Songen er blitt brukt i mange filmar, som i byrjinga av den tyske filmen Seventeen and Anxious i 1970, men mest kjend i Whoopi Goldberg sin Sister Act 2,[8] der den då 17 år gamle Ryan Toby syng som frontmann. Songen er òg nytta i Big Momma's House,[9] Nutty Professor II: The Klumps,[10] David LaChapelle-filmen Rize frå 2005,[11] Robin William-filmen License to Wed frå 2007[12] og biografifilmen av Walt Disney Pictures Secretariat frå 2010.

Lister

endre

Vekeslister

endre
Liste (1968–69) Plassering
Canada RPM Adult Contemporary[13] 6
Canada RPM Top Singles[14] 2
Tyskland 1
Irland 2
New Zealand[15] 20
UK 2
U.S. Billboard Hot 100[16] 4
U.S. Billboard R&B[17] 2
U.S. Cash Box Top 100[18] 3

Årslister

endre
Liste (1969) Plassering
Canada[19] 75
UK[20] 36
U.S. Billboard Hot 100[21] 93
U.S. R&B (Billboard)[17] 28
U.S. Cash Box[18] 78

Andre versjonar

endre

Medverkande

endre

Kjelder

endre
  1. [1]
  2. P. Doddridge and E. F. Rimbault, «Happy Day», in Joseph Flintoft Berry og Charles H. Gabriel (1914), edd., Hymns of the Heart, New York: Methodist Book Concern, Hymn 134.
  3. [2]
  4. [3]
  5. Hawkins Grammy Award 1970, Washington Post.
  6. Acoustic Version VideoYouTube
  7. DeMain, Bill. «George Harrison’s 'My Sweet Lord' Copyright Case». Performing Songwriter.[daud lenkje] Henta 2013-01-30.
  8. Sister Act 2: Back In The Habit, IMDB Soundtrack Track Listing.
  9. Big Momma's House, IMDB Soundtrack Track Listing.
  10. Nutty Professor II: The Klumps, IMDB Soundtrack Track Listing.
  11. IMDB Rize Soundtrack Track Listing.
  12. IMDB License to Wed Soundtrack Track Listing.
  13. http://www.bac-lac.gc.ca/eng/discover/films-videos-sound-recordings/rpm/Pages/image.aspx?Image=nlc008388.6150&URLjpg=http%3a%2f%2fwww.collectionscanada.gc.ca%2fobj%2f028020%2ff4%2fnlc008388.6150.gif&Ecopy=nlc008388.6150
  14. http://www.bac-lac.gc.ca/eng/discover/films-videos-sound-recordings/rpm/Pages/image.aspx?Image=nlc008388.6159&URLjpg=http%3a%2f%2fwww.collectionscanada.gc.ca%2fobj%2f028020%2ff4%2fnlc008388.6159.gif&Ecopy=nlc008388.6159
  15. http://www.flavourofnz.co.nz/index.php?qpageID=search%20listener&qartistid=1236#n_view_location
  16. [Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955–2002]
  17. 17,0 17,1 http://rateyourmusic.com/list/goldwax317/1969__the_top_100_soul_randb_singles/
  18. 18,0 18,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 11. desember 2014, henta 23. februar 2017 
  19. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.6104&type=1&interval=24&PHPSESSID=mhe12pta2k83e08udtq66ot062
  20. http://www.uk-charts.top-source.info/top-100-1969.shtml
  21. http://www.musicoutfitters.com/topsongs/1969.htm
  22. Enzo Giannelli. «Domodossola». Gino Castaldo (ed.). Dizionario della canzone italiana. Curcio Editore, 1990.
  23. Eddy Anselmi. «I Domodossola». Festival di Sanremo: almanacco illustrato della canzone italiana. Panini Comics, 2009. ISBN 8863462291. 

Bakgrunnsstoff

endre