Oh No Not My Baby

Oh No Not My Baby
Singel av Maxine Brown
frå albumet Spotlight on Maxine Brown
B-side

You Upset My Soul

Utgjeve September 1964
Studio Bell Sound Studios
New York, New York i USA
Sjanger R&B
Lengd 2:36
Selskap Wand Records
Låtskrivar(ar)
Produsent Luther Dixon, Stan Greenberg

«Oh No Not My Baby» er ein song skriven av Gerry Goffin og Carole King.[1] Teksten skildrar korleis vener og familie igjen og igjen åtvarar songaren om at partnaren til songaren er utru.

HistorieEndra

Den første utgåva av «Oh No Not My Baby» vart gjeven ut av Maxine Brown, og ifølgje ho hadde songen først vore spelt inn av The Shirelles, men ikkje gjeve ut. Songen kom ut i september 1964 og låg sju veker inne på topp 40 på Billboard Hot 100 i desember 1964 - januar 1965 og nådde 24. plassen.[2] Songen vart sidan gjeven ut på det andre studioalbumet hennar, Spotlight on Maxine Brown, gjeve ut i 1965.

Rod Stewart-versjonenEndra

I 1973 gav Rod Stewart (i lag med Faces-bandmedlemmane Ron Wood, Kenny Jones og Ian McLagan) ut «Oh No Not My Baby». Han produserte versjonen sjølv og gav han ut på singel. Denne nådde sjetteplassen på den britiske singellista i september 1973 og sidan 59. plassen på både den amerikanske[3] og kanadiske singellista før året var omme. B-sida, tilskriven Faces, var «Jodie» skriven av Ron Wood, Rod Stewart og Ian McLagan.

Cher-versjonenEndra

Oh No Not My Baby
Singel av Cher
frå albumet Greatest Hits: 1965–1992
B-side

Love Hurts

Utgjeve 1992
Innspelt 1992
Sjanger Softrock
Lengd 3:12
Selskap Geffen
Låtskrivar(ar)
Produsent Peter Asher
Cher-kronologi
«Could've Been You»
(1992)
Oh No Not My Baby «Whenever You're Near»
(1992)


I desember 1992 gav Cher ut «Oh No Not My Baby» som oppfølgjaren til den internasjonale hitten hennar «The Shoop Shoop Song (It's in His Kiss)» og produsert av Peter Asher. Songen vart ein moderat internasjonal hit tidleg i 1993. AllMusic-redaktøren J.F. Promis kalla versjonen hennar «dristig.»[4]

InnhaldEndra

  • Europeisk 7"- og kassettsingel
  1. «Oh No Not My Baby» – 3:09
  2. «Love Hurts» – 4:19
  • Europeisk 12"- og CD-singel
  1. «Oh No Not My Baby» – 3:09
  2. «Love on a Rooftop» – 4:22
  3. «Love Hurts» – 4:19
  4. «Main Man» – 3:48

SalslisterEndra

Liste (1992–93) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[5] 30
Europa (European Hot 100 Singles)[6] 87
Europeisk Adult Contemporary Top 25[7] 4
Europeisk Hit Radio Top 40[8] 14
Tyskland (Official German Charts)[9] 52
Island (Íslenski Listinn Topp 40)[10] 28
Polen (LP3)[11] 18
Spania Top 40 Radio (Promusicae)[12] 35
Sveits (Schweizer Hitparade)[13] 19
UK Singles (Official Charts Company)[14] 33

Andre coverversjonarEndra

  • Songen vart spelt av Manfred Mann som med sin versjon av The Shirelles sin «Sha La La» hadde delt amerikanske topp 40 med Brown sin «Oh No Not My Baby» - og versjonen i den gruppa av «Oh No Not My Baby», gjeve ut 9 april 1965, nådde 11. plassen i Storbritannia.[15] Manfred Mann sin «Oh No Not My Baby» vart ikkje gjeve ut på singel i USA, men den kanadiske utgåva klarte ikkje å gå inn på lista der. I Australia nådde songen 67. plassen.
  • Dusty Springfield spelte han inn for hennar andre album, Ev'rything's Coming Up Dusty i 1965.
  • Merry Clayton spelte inn «Oh No Not My Baby» i 1972 med Carole King på piano; produsert av Lou Adler. Denne nådde Billboard Hot 100 på 72. plassen og 61. plassen på Cash Box Top 100 Singles-lista. Han nådde òg 30. plassen på Billboard Best Selling Soul Singles-lista. Trass i ei moderat plassering på listene, vart Clayton sin versjon nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege R&B-vokalprestasjon for året 1972.[16]
  • De Blanc hadde ein mindre R&B-hit (70. plassen) med «Oh No Not My Baby» i 1976.
  • Linda Ronstadt spelte inn «Oh No Not My Baby» for sitt Winter Light-album frå 1993. Sporet nådde 35. plassen på Billboard si Hot Adult Contemporary Tracks i 1994. I Canada nådde songen 33. plassen[17] og 29. plassen på AC-listene.[18]
  • The Partridge Family spelte inn «Oh No Not My Baby» for albumet deira Bulletin Board frå 1973.

SamplingarEndra

KjelderEndra

  1. Oh No Not My Baby Henta 24. mai 2022
  2. Whitburn, Joel (2013). Joel Whitburn's Top Pop Singles, 14th Edition: 1955-2012. Record Research. s. 116. 
  3. Whitburn, Joel (2013). Joel Whitburn's Top Pop Singles, 14th Edition: 1955-2012. Record Research. s. 806. 
  4. Review by Allmusic Henta 15. oktober 2013
  5. "Cher – Oh No Not My Baby – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  6. «Hits of the World» (PDF). Billboard. Henta 24. mai 2022. 
  7. «European Adult Contemporary Top 25, page 20» (PDF). Music & Media. Henta 24. mai 2022. 
  8. «Music & Media, EHR top40, page 14» (PDF). Music & Media. Henta 24. mai 2022. 
  9. «Cher - Top Titel» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 28. oktober 2015. 
  10. «Íslenski Listinn Topp 40 (vikan 28.1. - 4.2. '93)» (på islandsk). Dagblaðið Vísir. Henta 20. juli 2018. 
  11. «Notowanie nr572» (på polsk). LP3. 29. januar 1993. Henta 23. mai 2022. 
  12. Fernando Salaverri (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  13. "Cher – Oh No Not My Baby – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.
  14. "Chart Stats – Cher – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats.
  15. «officialcharts.com». Henta 20. april 2021. 
  16. Billboard 27. januar 1973 p.15
  17. «RPM Top 100 Singles - 18. april 1994» (PDF). 
  18. «RPM Top 40 AC - 11. april 1994» (PDF).