Ohma Electra
Ohma Electra er eit vekselstraumslokomotiv som står på campus Gløshaugen ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim. Lokomotivet tilhøyrer Sanctus Omega Broderskab.[1]

Originalt vart lokomotivet kalla nummer 3, og var eit av dei tre fyrste lokomotiva i drift på Thamshavnbanen i 1908. Lokomotivet vert rekna som eit av verdas første, vellukka vekselstrausslokomotiv. Lokomotivet er 7,67 meter langt. Det kom til Gløshaugen 15. september 1972,[2] og står på ein 20 meter lang skinnegang. Lokomotivet kan framleis køyre.[2]
Ohma Electra er i dag, i lag med systerlokomotivet nr 2, verdas eldste vekselstraumslokomotiv i bruk.
Kjelder
endre- ↑ «Om Omega», omega.ntnu.no (på norsk), henta 1. august 2023
- ↑ 2,0 2,1 «LocomotivCommiteen», omega.ntnu.no (på norsk), henta 1. august 2023