Ohrid
Охрид
Utsyn over Ohrid med Ohridsjøen til høgre
Utsyn over Ohrid med Ohridsjøen til høgre
Styresmakter
Land
Statistisk region
Nord-Makedonia
Sørvest
Geografi
Flatevidd
 - By

389,93 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2021)
   - folketettleik

51 428
  131,9/km²
Koordinatar 41°07′1″N 20°48′6″EKoordinatar: 41°07′1″N 20°48′6″E
Høgd over havet +695 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 6000
Telefon-retningsnummer 389 46
Heimeside: ohrid.gov.mk
Plassering
Plasseringa til Ohrid i Nord-Makedonia
Plasseringa til Ohrid i Nord-Makedonia

Ohrid (makedonsk Охрид) er ein by og ein kommune på austkysten av Ohridsjøen i regionen Sørvest i Nord-Makedonia. Kommunen fekk sitt noverande omfang i 2013, då den tidlegare kommunen Kosel vart innlemma i kommunen.

Kommunen har eit areal på 389,93 km2 og hadde 51 428 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021.[1] I 2002 hadde kommunen 55 749 innbyggjarar,[2] den tidlegare kommunen Ohrid hadde 54 380, medan sjølve byen hadde 42 033 innbyggjarar.[3]

Byen er kjend for ein gong å ha hatt 365 kyrkjer, ei for kvar dag i året, og vart kalla den makedonske Jerusalem[4]. Byen har mange vakre hus og monument og turismen er ei viktig næring. Han ligg aust for Elbasan og Tirana i Albania, sørvest for Skopje, og nordvest for Resen og Bitola.

I 1980 vart Ohrid og Ohridsjøen innskriven på UNESCO si verdsarvliste.

I Ohrid finst òg eitt av Nord-Makedonia sine største sjukehus.

HistorieEndra

Byen har eksistert sidan antikken, då som Lychnidos. Den romerske vegen Via Egnatia gjekk gjennom Lychnidos. Namnet Ohrid vert første gong nemnd i 879. Det er vorte hevda at det kyrilliske alfabetet vart utvikla i Ohrid av Sankt Klemens av Ohrid, men dette er usikkert og det er meir truleg at det vart utvikla av den litterære skulen i Preslav. Ohrid var eit viktig kulturelt sentrum der det vart produsert skrifter ved den litterære skulen her.

I år 1000 var Ohrid ein kort periode hovudstad i Det første bulgarske riket. Byen var då òg sete for erkebispedømet i Ohrid og det vart bygd mange kyrkjer.

Busetnader i kommunenEndra

Dei største busetnadene i kommunen var:

Busetnad Folketal 2002[3]
Ohrid 42 033
Velgosjti 3 060
Leskoets 2 595
Pesjtani 1 326
Ratsja 1 043

BakgrunnsstoffEndra

  Reiseguide for Ohrid frå Wikivoyage

KjelderEndra

Fotnotar