Okapi
Okapi | ||
Systematikk | ||
Domene: | Eukaryota | |
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
Klasse: | Mammalia | |
Orden: | Artiodactyla | |
Familie: | Giraffidae | |
Slekt: | Okapia | |
Art: | O. johnstoni | |
Vitskapleg namn | ||
Okapia johnstoni |
Okapi er eit partåa hovdyr i sjiraffamilien, den einaste nolevande nære slektningen av sjiraffen. Han har form som ein hest og er mørkebrun på kroppen, men har sebraliknande striper på beina. Okapien lever berre vilt i regnskogen Ituri nordaust i Kongo. I dag reknar ein med at det finst rundt 10-20 000 nolevande individ, og okapien er rekna som nær truga av Verdas naturvernunion.
Okapien kan bli opptil 2 meter lang, med ei skulderhøgd på 2 meter og hale opp mot ein halv meter. Vekta er maksimalt 200-300 kilo, og hoa er større enn hannen.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Okapi» frå Wikipedia på bokmål, og «Okapi» frå Wikipedia på svensk den 11. mai 2010.
FotnotarEndra
- ↑ Okapia johnstoni på IUCN si raudliste. Antelope Specialist Group 2008.
BakgrunnsstoffEndra
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Okapi
Denne dyreartikkelen som har med Kongo og Afrika å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.