Okarito Lagoon er ein lagune på kysten av regionen West CoastSørøyaNew Zealand. Han ligg 130 km sør for Hokitika, og dekkjer eit område på om kring 12 km², som er det største urørte våtmarksområdet på New Zealand.

Fleire mindre elver renn ut i lagunen, som også er utløpet til innsjøen Lake Mapourika. Lagunen er tilhaldsstad for mange arter av vadefuglar, og den svært sjeldne hegren Kotuku, (Ardea modesta) (Eastern Great Egret), finst her, elles er fuglen utrydda over alt på New Zealand. Den sjeldnaste arten av kiviar, okaritokivi er også funnen nær busetnaden Okarito.

Ved sørenden til lagunen ligg den vesle busetnaden Okarito. Busetnaden byrja opphavleg kring 1865 som ein gullgravarby med på det meste over 1 500 innbyggjarar, men er no permanent bustad for berre om lag 30 menneske[1] - mellom dei forfattaren og vinnaren av Bookerprisen, Keri Hulme, og landskapsfotografen Andris Apse.

Det er høve til fugletitting, økoturisme og kajakkturar i lagunen, og der er fleire lokale fotturruter i området.


Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

43°12′S 170°13′E / 43.200°S 170.217°E / -43.200; 170.217