Okeanos (gamalgresk Ὠκεανός / Ōkeanós) var ein havtitan i gresk mytologi. Han var son til himmelguden Uranos og jordgudinna Gaia, og gift med Tethys. Han hadde ein stor familie.

Okeanos-Mosaik, på Petra, i Jordan

Titanen er ofte representert som ein gamal mann med ein vase han held i handa som det heile tida strøymer ut vatn frå til havet, elvane og kjeldene.

Frå svigersonen Helios skaffa Okeanos eit gullbeger og lånte det ut til Herakles. Helten kunne dermed segla på havet og bringa tilbake storfeflokkane til Geryon.

Okeanos var ein titan av den fyrste generasjonen

Ein stor familie endre

Titanen hadde 3 000 søner kjend som elvegudane og like mange døtrer: okeanidane.[1] Han var far til Triptolemos (med mora hans Gaïa) og Kerkoperane med dottera Thea (for ikkje å forveksla med titanen Theia). Okeanos var bror til alle titanane av den fyrste generasjonen, kyklopane og dei tre hekatoncheirane (monster med hundre armar og femti hovud). Også var han halvbror til Afrodite – føresett at fødselen hennar kan reknast som ei skaping av Uranos post mortem.

I motsetning til titaniske brørne sine, deltok ikkje Okeanos og Tethys i konfliktar imot dei olympiske gudane. Under krigen om overherredømme fortrudde Rheia også dottera Hera til Okeanos og Tethys.[2] Så då olympiarane vann krigen mot titanane (Τιτανομαχία, titanomakhia), forviste ikkje Zevs dette paret til Tartaros. Dei måtte likevel overlata det enorme havriket sitt til eit nytt par: Poseidon og Amfitrite.

Lingvistisk endre

På gresk betyr okeanos ‘eit stor elv som renn kring heile jorda’ Namnet hans fødde ordet 'hav' på mange indoeuropeiske språk, som italiensk, oceano[3] [o'tʃɛano], eller fransk océan[4] [ose'ã] eller engelsk ocean[5] ['əʊʃ(ə)n]; eller i overført tyding som på norsk[6]med ordet «osean»; som betyr 'ovstor mengd '; 'eit osean av...' .

I følgje den indo-germanske lingvisten Michael Janda (2005), refererer 'okeanos' til ei felles indoeuropeisk rot: *ō-kei-ṃ[h1]no-. For Adalbert Kuhn (1812-1881), ein spesialist i komparativ mytologi, refererer omgrepet til det vediske āśáyāna- ('liggande på vatn', ein eigenskap ved steindraken Vritra).

Kjelder endre

  1. Hesiod, Theogonien; Arbeid og Dager; Skjoldet, gjendikta av Aslak Rostad. Gyldendal Norsk Forlag 2014. ISBN 978-82-05-44660-1
  2. I Illiaden (song XIV, verser 200-201) avec Homer. Hera Okeanos var far til alle gudane og kalla Tethys for 'almoðr', mor til alle.
  3. «Oceano > significato - Dizionario italiano De Mauro», Internazionale (på italiensk), henta 19. september 2022 
  4. Larousse, Éditions, «Définitions : océan - Dictionnaire de français Larousse», www.larousse.fr (på fransk), henta 19. september 2022 
  5. https://dictionary.cambridge.org/dictionary/english/ocean
  6. Søk i Bokmåls- og Nynorskordboka
  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.