Ola Isene

norsk skodespelar og songar

Ola Isene (2. juni 18986. mai 1973) var ein norsk songar og skodespelar fødd i Rødenes i Østfold. Ole Steffensen Isene var far hans.

Ola Isene

Fødd2. juni 1898
FødestadRødenes kommune
Død6. mai 1973 (74 år)
Verka somskodespelar, operasongar

Isene var baryton og utdanna seg ved Musikkonservatoriet i Oslo, debuterte som operettesongar i 1923. På 1920-30-talet synte han stor givnad som skodespelar i fleire hovudroller i operaer. Han debuterte som skodespelar på Trøndelag Teater i 1937, arbeidde sidan på Det Nye Teater frå 1939, Nationaltheatret frå 1946 og Folketeatret frå 1952.

Isene spelte «ei rekkje gode roller av ymse slag, frå lystspel til tragedie, og har hatt serl. suksess med meir folkelege el. primitive typar». Isene deltok i fleire filmar, «ei av dei beste rollene hans var sjømannen i Englandsfarere».[1]

Kjelder endre

  1. Norsk Allkunnebok. VI. bandet. 1955