Olav Åm (8. januar 191825. mai 2009) var ein norsk skulestyrar og skuledirektør. Han var frå Vindafjord, og busett mellom anna i Leikanger.

Olav Åm
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. januar 1918
Død

25. mai 2009 (91 år)

Yrke skuleleiar, lyrikar, faglitterær forfattar, fylkesskolesjef

Åm hadde eksamen frå Volda Lærarskule 1941, og i 1941-1942 arbeidde han som lærar i Audnedal og Hegebostad i Vest-Agder. Han var styrar ved framhaldsskulen i Årdal 1942-1943 og rektor ved Årdal Realskule 1943-1945. Frå 1945-1956 var han rektor ved Oppdal kommunale realskole. Frå 1956 vart Åm ein av pionérane ved innføring av 9-årig skule i Norge ved at han vart styrar for ein slik forsøksskule i Ørsta. Liknande forsøksskular kom samstundes i gang i Sykkylven og Malm i Trøndelag.

Åm var skuledirektør i Sogn og Fjordane 1963-1985. Han var 1965-1970 medlem av Steen-komitéen som greidde ut reformer i den vidaregåande skulen i Norge, der tidlegare gymnas og yrkesskular vart integrerte.

I 1969 la han som skuledirektør i Sogn og Fjordane fram den første planen i landet basert på det nye skulemønsteret.

Olav Åm har vore ein skatta foredragshaldar og kåsør. Saman med Gunnar Mjaaland skreiv han Matematikk for ungdomsskulen (første utgåva 1965–69), var redaktør for nynorskdelen i Hermes Leksikon (Hermes Forlag 1979) som var det første leksikon med både nynorsk- og bokmålstekst. I 1999 gav han ut diktsamlinga «Fykande frø» – gjeven ut som lydbok i 2005 der Åm sjølv les dikta. (Skald Forlag).

I 2002 vart han tildelt Målrosprisen av Sogn og Fjordane mållag og i februar 2003 vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gull.

Olav Åm var far til komponisten Magnar Åm.

Bibliografi endre

Bøker endre

Lydbøker endre

I tidsskrift - eit utval endre

Kjelder endre