Olav Gisle Øvrebø

Olav Gisle Øvrebø (fødd 19. juli 1989) er ein norsk forfattar frå Luster kommune.

Olav Gisle Øvrebø
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. juli 1989 (34 år)
Yrke Forfattar
Periode 2011-
Debut Barn som leikar

Han debuterte i 2011 med den nynorske diktboka Barn som leikarFlamme forlag. Boka handlar om drapssaka på James Bulger frå Liverpool i 1993. Drapsmennene var to gutar på ti år. Øvrebø lever seg inn i bakgrunnen og situasjonen til drapsmennene, og dikta er ei blanding av fakta og fiksjon.

Boka har fått både positiv og negativ omtale. I Klassekampen vart det skrive om henne at «Gjennom å gjera noko som ikkje er gjort før, utvidar ho poesien sitt virkeområde. Og dikta er velskrivne, diktsamlinga velkomponert.» I same artikkel vart samlinga kritisert for å laga spekulativ underhaldning av grusame mordgåter.

Vigdis Hjorth kommenterte diktsamlinga på fylgjande måte: «Les diktene og husk på en annen måte. En særlig stemme. Et originalt blikk. Klokt om ugjerninger.»

Bibliografi endre

Bøker endre

I bøker - eit utval endre

  • 2008 – Faen ta tyngdekrafta : vinnerdikt fra videregående (Oslo: Gyldendal). ISBN 978-82-05-38688-4  [Av innhaldet: Sakkeus / Olav Gisle Øvrebø]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre