Olav David Hansson (fødd 23. juli 1957) er ein tidlegare skihoppar frå Røa i Oslo. Under Ski-VM 1982 i Oslo hadde Hansson sin store meisterskap. Han vann sølvmedaljen i storbakkerennet i Holmenkollen, og var med på å vinne laghoppinga saman med Johan Sætre, Per Bergerud og Ole Bremseth. I normalbakken hamn han på sjuandeplass. Han var medlem av Røa Idrettslag.

Olav Hansson
Fødd 23. juli 1957 (63 år)
Oslo
Yrke skihoppar

Hansson studerte i unge år i USA og vart ikkje lagd merke til i hoppbakken før enn i 1981. Sesongen etter høyrde han heime mellom dei beste hopparane verda, det vart òg hans beste sesong. Han lukkast aldri å vinne eit stort renn. Elleve gonger kom han på pallen i verdscupen; åtte andreplassar og tre tredjeplassar. Fleire gonger var han nær siger, som under skiflygingsrennet i Vikersund 20. februar 1983. Der enda han eit halvt poeng bak Matti Nykänen. Også i NM-tevlingane måtte Hansson nøye seg med sølv- og bronsemedaljar, høvesvis tre sølv og to bronse. Nærast NM-gull var han under storbakkerennet på Lillehammer i 1983. Med 270,8 poeng var han 0,6 poeng bak noregsmeisteren, Per Bergerud.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra

  • 1981: Nr 9 i normalbakken i Rælingen
  • 1982: Sølvmedalje i storbakken på Rena, bronsemedalje i normalbakken på Raufoss
  • 1983: Sølvmedalje i begge bakkane; høvesvis Mo i Rana og Lillehammer
  • 1986: Nr 4 i normalbakken på Vang
  • 1987: Bronsemedalje i normalbakken i Sprova

Han la opp skihoppinga i 1987.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

BakgrunnsstoffEndra