Olav Ingvaldsson Hagen (28. november 192121. august 2013) var ein norsk langrennsløpar som vann ein bronsemedalje for Noreg på 4 x 10 km stafett under vinter-OL i St. Moritz.

Olav I. Hagen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. november 1921
Vingrom
Død

21. august 2013 (91 år)
Lillehammer kommune

Idrett langrenn
Tok del i

cross-country skiing at the 1948 Winter Olympics – men's 4 × 10 km relay

Karriere endre

Hagen deltok vinteren 1948 i dei olympiske leikane i St. Moritz. Han vart nummer ni og beste nordmann på 18-kilometeren og var dermed klar for det norske stafettlaget over 4 x 10 km. Etter at Erling Evensen, Olav N. Økern og Reidar Nyborg hadde gått sine etappar, gjekk Hagen ut på sin etappe over tre og eit halvt minutt etter Finlands ankermann. Han var såleis utan reell moglegheit på sølvmedaljen, olympiameistrane frå Sverige var i ein klasse for seg og gjekk i mål nesten ni miuttar føre Finland, medan bronselaget frå Noreg var over elleve miuttar bak svenskane. Seinare i sesongen tok Hagen sølvmedaljen på tremila i noregsmeisterskapen, Leif Haugen vart ein suveren meister på distansen. Etter OL-sesongen la Hagen ned satsinga på idretten.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. 1957
  • Olav I. Hagen i olympedia.org