Olav II av Noreg

norsk konge og helgen
(Omdirigert frå Olav II Haraldsson av Noreg)

Olav II Haraldsson, også kalla Heilag-Olav, Olav den heilage, Sankt Olav og Olav Digre (99529. juli 1030) var konge av Noreg frå 1015 til 1028.[1] Han vart gjord til helgen etter å ha vorte drepen under slaget på Stiklestad, og vart deretter rekna for å ha innført kristendommen i heile Noreg på ein varig måte. Helgenattributt for Sankt Olav er ei stridsøks.

Olav II

Konge av Noreg
Regjeringstid10151028
Føddca. 993
FødestadRingerike
Død29. juli 1030
DødsstadStiklestad
GravstadNidarosdomen
FøregangarLadejarlane Eirik og Svein Håkonsson
EtterfølgjarLadejarlen Håkon Eiriksson
Gift medAstrid Olofsdotter
DynastiHårfagreætta
FarHarald Grenske
MorÅsta Gudbrandsdotter
BornMagnus I av Noreg, Ulvhild av Norge

Namn endre

 
Sankt Olav med helgen-attributt. Kalkmåleri i Överselö kyrka i Sverige. (Foto: Klaus Fuisting)

Kongen er truleg mest kjend under namnet Olav den heilage eller Heilag-Olav. På norrønt språk var han kalla Óláfr hinn helgi. Andre namn på han er Olav Haraldsson, Olav Digre,[2] og som helgen Sankt Olav og St. Olav, på svensk S:t Olof, engelsk Saint Olaf. Namnet Olav kan òg verta skrive Olaf eller Olaus, svensk Olof av Norge, latin Olavus rex.

Liv endre

Olav var fødd på Gvarv,[3] og var son til Harald Grenske, ein norsk småkonge, og Åsta Gudbrandsdotter. Han vart gift i 1019 i Sarpsborg med Astrid Olofsdotter som var dotter til kong Olof Skötkonung i Sverige. Med henne fekk han dottera Ulvhild Olavsdatter, f. 1020 i Borg, d. i Saksen 24 mai 1071; g. m. Ordulf av Saksen (1020–1072). Med frilla Alvhild fekk han sonen Magnus (1024–1047), seinare kjend som Magnus den gode.

Død endre

 
Bilete på eit altarfrontale (forstykke til altarbord) av tre frå mellomalderen som syner kong Olavs død. Altarfrontalet er å sjå på eit sidealtar i Nidarosdomen i Trondheim.
 
Heile altarfrontalet; biletet av kong Olavs død nede til høgre. Heile biletserien på frontalet skildrar Olav som konge og helgen.

Olav døydde i slaget på Stiklestad den 29. juli 1030, og som helgen vert han feira den 29. juli: Olsok eller «Olavsvaka». I Nidaros vart det i mellomalderen reist ei praktfull kyrkje til ære for Sankt Olav, og leivningane etter han plassert i kyrkja, som etter kvart vart kalla Nidarosdomen. I mellomalderen var Sankt Olav ein viktig helgen i heile Norden, og Nidaros ein valfartsstad for pilegrimar frå heile Norden og andre land.[4]

Etter dei opplysningane Snorre Sturlason gjev i soga om Olav dei heilage, døyr kong Olav av hogg i halsen, magen og låret. Snorre hevder at Torstein Knarresmed fyrst hogg kongen i låret med ei stridsøks, og at kongen deretter la seg opp mot ein stein, kasta våpna frå seg og gav opp kampen. Så hogg Kalv Arnesson den forsvarslause kongen i halsen med eit sverd, og høvdingen Tore Hund stakk kongen med eit spyd opp under brynja og inn i magen. Framstillinga som Snorre gjev, samsvarer med mange av bileta frå mellomalderen av korleis kong Olav døydde, mellom anna med motivet på ein portal som er teke vare på frå den nedrivne Hemsedal stavkyrkje, som har som tema kong Olavs martyrium og status som kristusliknande helgen.

Framstillinga på stavkyrkjeportalen frå Hemsedal syner at den krafta og styrken som Sankt Olav vart tillagt som kristningshelgen har basis i den framgangsmåten som dei tre heidne krigarane fylgde då dei drap kongen under slaget på Stiklestad, kombinert med måten kongen oppførte seg på i denne samanhengen. Både i skildringa åt Snorre og i dei biletlege framstillingane frå mellomalderen, er drapet av kongen gjeve preg av eit heident kultdrap innanfor ei kristen mytisk ramme. Denne framstillinga av drapet av kongen som ei menneskeofring etter heidenske kultiske framgangsmåtar, danna i sin tid grunnlaget for at Sankt Olav (altså den døde og heilaggjorte, himmelske kongehelgenen) fekk ei mytologisk basert verknad i heidne samfunn, slik det går fram av at det heidne Trøndelag kunne leggjast under kristen kongemakt utan væpna kamp kort tid etter Sankt Olavs død og heilagkåring.[5]

Det var altså fyrst etter at kong Olav døydde at han vart heilagkåra, og dermed klarte å kristne Noreg. Dette var sjølvsagt ikkje den brutale og maktsjuke krigarkongens eigen forteneste, men ei fylgje av at kyrkja og kongemakta fekk i stand ei soge om han og den særeigne måten han døydde på som kunne nyttast som ein hendig og verknadsfull reiskap i kristningsarbeidet. På bakgrunn av biletmaterialet frå mellomalderen er Snorres skildring av kong Olav og hans død soleis fyrst og fremst å sjå på som ei attgjeving av ei formfullendt helgenlegende som hadde til hensikt å fremje og konsolidere kristendommen og kristen konge- og kyrkjemakt i både heidne og kristne samfunn.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Olav den hellige» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Lie, Øystein (10. januar 2021), «Sju ting du ikkje visste om vikingkongen Olav den heilage», NRK, henta 12. januar 2021 
  3. Per Simon Mustvedt (7. desember 2011). «Thorstein fann Olav den helliges fødested». nrk.no. 
  4. Rumar (red.) 1997: Helgonet i Nidaros
  5. Hoftun 2002, side 94-105; Hoftun 2008

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Olav II av Noreg
  • Passio Olavi - Lidingssoga og undergjerningane åt den Heilage Olav; Oslo 1970. ISBN 82-521-4397-0
  • Hoftun, Oddgeir. Stavkirkene - og det norske middelaldersamfunnet, Copenhagen 2002; Borgens Forlag. S. 94 - 105. ISBN 87-21-01977-0
  • Hoftun, Oddgeir. Kristningsprosessens og herskermaktens ikonografi i nordisk middelalder, Oslo 2008; Solum Forlag. ISBN 978-82-560-1619-8
  • Lidén, Anne; Olav den Helige i Medeltida Bildkonst, Legendmotiv och attribut; Monographs. KVHAA. Stockholm 1999. Vitterhetsakademien. ISBN 91-7402-298-9. (Abstract and summary in English: Saint Olav in Medieval Pictorial Art. Narrative Motifs and Attributes.)
  • Rumar, Lars (red.). Helgonet i Nidaros : Olavskult och kristnande i Norden, [Stockholm] 1997. ISBN 91-88366-31-6.