Olav Scheflo
Olav Scheflo (9. september 1883–25. juni 1943) var ein norsk politikar og journalist, opphavleg frå Steinkjer.
Olav Scheflo | |||
| |||
Fødd | 9. september 1883 Steinkjer kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 25. juni 1943 (59 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet (1905; ukjend), Norges Kommunistiske Parti (1923; 1928), Arbeidarpartiet (1929) | ||
Yrke | politikar, redaktør | ||
Barn | Dagmar Loe | ||
Alle verv |
|
Han blei etter sigeren til den radikale fløya i Det norske Arbeidarpartiet (DNA) på landsmøtet i 1918 redaktør i hovudorganet Social-Demokraten (no Dagsavisen) i Oslo. Scheflo var tilhengar av den Tredje Internasjonalen(Komintern), og støtta både medlemskap for DNA i denne, og dei 21 opptaksvilkåra («Moskva-tesene»). I 1921 måtte Scheflo gå av som redaktør i hovudorganet, men blei i staden DNA sin medlem i leiinga for Komintern. Frå 1922 var han også stortingsrepresentant, og parlamentarisk leiar for DNA.
Ved partikløyvinga i 1923 gjekk han med i Norges Kommunistiske Parti NKP, der han blei vald inn i partileiinga, som Kominternrepresentant (til 1927) og til redaktør i hovudorganet Norges Kommunistblad. Scheflo var politisk relativt moderat, og blei rekna til høgrefløya i NKP. Den indre striden i partiet førte til at han trekte seg som redaktør av hovudorganet i 1926.
I mars 1928 gjekk Scheflo ut av NKP i protest mot partiet si negative haldning til regjeringa Hornsrud. Frå 1929 var han medlem i DNA, og frå 1931 var han redaktør i partiavisa Sørlandet i Kristiansand.
Han forsvarte offentleg Lev Trotskij mot åtaka frå både borgarleg og stalinistisk hald da den gamle bolsjeviken hadde tilhald i Noreg i 1935-1936, mens mange i DNA elles var uklare og vaklande, såleis til dømes Martin Tranmæl i hovudorganet Arbeidarbladet. Scheflo var likevel ikkje «trotskist» i tydinga samd med Trotskij i alt.
Scheflo si bok Den røde tråd i Norges historie gjer greie for hans politiske ståstad, midt i den folkeleg-radikale tradisjonen i Noreg.
Bakgrunnsstoff endre
- Biografisk informasjon om Olav Scheflo NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv