Olav Berner Vik (12. januar 191024. mars 1990) var ein norsk lyrikar frå Etne.

Olav Vik
Fødd 12. januar 1910
Død

24. mars 1990 (80 år)

Yrke Forfattar
Periode 1941-1990
Debut Hjartemål

Alt som syttenåring skreiv han forteljingar både på vers og prosa, og debuterte med diktsamlinga Hjartemål i 1941. Til saman gav han ut 4 diktsamlingar, og skreiv elles mellom anna i Unglyden, Nynorsk Vekeblad og Haugesunds Avis, både dikt og prosa. Han har tala på mange markeringar i bygda og omegn, og mange av prologane og helsingane hans er samla i festskriftet Etne mållag laga i samband med 70-årsdagen hans i 1980, I lyd og lag med Olav Vik.

Han har jobba som revisor i Etne Sparebank og var tilsett som skogreisingsleiar i Etne 1947-1958. Han tok over familiegarden på Osnes i Etne i 1957. Han fekk etter kvart omregulert området til friluftsområde og ved sin død testamenterte han eigedommane sine på Osnes til friluftsformål gjennom Olav Vik-stiftelsen.

BibliografiEndra

  • 1941 – Hjartemål (Oslo: Fonna. Diktsamling)
  • 1948 – Tuva og tårnet (Oslo: Fonna. Diktsamling)
  • 1978 – På ei strand (Oslo: Fonna. Diktsamling)
  • 1979 – Når ufødde talar (Oslo: Fonna. Diktsamling)

KjelderEndra

  • På ei strand av Olav Vik (Oslo: Fonna Forlag, 1978).
  • I lyd og lag med Olav Vik. Festskrift til 70-årsdagen 12. januar 1980 (Etne mållag, 1980).
  • «Friluftsområdet Osnes» hjå Olav Vik-stiftelsen, innhenta 16. juni 2020.