Denne artikkelen handlar om tettstaden i Stryn. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Olden (fleirtyding).

Olden er ein tettstad i Stryn kommune, inst i Nordfjord i Vestland. Riksveg 60 går gjennom Olden sentrum, der vi også finn Olden Fjordhotell, kafe, matvarebutikkar, ei lang rekkje konfeksjonsutsal og kai for cruiseskip. Olden er ei av dei viktigaste turistskiphamnene på Vestlandet, med 102 anløp i 2019.[1]

Olden
stad
Inste delen av fjorden Nordfjord, Olden i midten, Loen til venstre

Foto: Sindre Jacobsen

Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stryn
Areal 0,58 km²
Folketal 523  (2023)
Folketettleik 902 / km²
Postnummer 6788 OLDEN
Innbyggjarnamn oldar
Kart
Olden
61°50′12″N 6°48′24″E / 61.83655°N 6.80655°E / 61.83655; 6.80655
Wikimedia Commons: Olden

I Olden sentrum er det utsal for dei lokale motekledeprodusentane Ricco Vero, Sunde Konfeksjon og for Skogstad Sport.

Den delen av Riksveg 60 som går frå Olden mot Innvik, er av Nettavisen og Norsk Transportarbeiderforbund kåra til Noregs verste veg, på grunn av dårleg standard kombinert med stor trafikkmengde og viktig funksjon som gjennomfartsåre.

Olden har færre gjestedøger enn nabotettstaden Loen, men trekkjer til seg vel så mange turistar til attraksjonane innover Oldedalen.

Oldedalen strekkjer seg sørover mot Briksdalsbreen, ei bretunge av Jostedalsbreen. Fylkesveg 724 går gjennom heile dalen. Oldevatnet ligg idyllisk mellom bratte fjellsider og høge fossefall. Langs heile Oldedalen ligg ei lang rekkje store og små campingplassar. I Briksdalen inst i Oldedalen er ein serveringsstad med stort souvenirutsal, og ein grusveg går vidare langs Briksdalselva inn mot Briksdalsbreen. Fram til 2005 vart det tilbydd hesteskyss opp til Briksdalsbreen, men etter nokre ulukker siste åra vart hesteskyssen erstatta av spesialbygde opne bilar.

Mineralvatnet «Olden» er frå ei kjelde frå Melkevollbreen, ei av bretungene i Oldedalen.

Fotnotar endre

  1. «Cruiseliste 2019», Nordfjord Havn (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 3. mars 2020, henta 3. mars 2020 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Olden
  Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.