Ole E. Stav

Ole Evensson Stav (17. mai 18347. juli 1889) var ein norsk lærar, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Leinstrand i Sør-Trøndelag.

Ole E. Stav
Fødd17. mai 1834
Død7. juli 1889 (55 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Stav var 1853 seminarist frå Klæbu. Frå 1854 til -76 var han lærar i heimbygda. Også gardbrukar på farsgarden Stav 1856-83. Frå 1883 til han døydde var han lensmann i Leinstrand.

Stav var ordførar i Leinstrand 1864-69 og 1872-82. Elles var han forlikskommissær, direktør i Melhus sparebank, og medlem av amtsutvalet. Stav møtte i 1884 på Stortinget frå 30. juni, han var då 2. varamann for Søndre Trondhjems amt. For perioden 1889-91 vart han vald til 2. representant for same krinsen, medlem av justiskomiteen. Straks etter han kom heim frå 1889-sesjonen, døydde han på Busklein, der lensmanngarden låg.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914