Ole Falck Ebbell
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Ole Falck Ebbell (13. september 1839–29. juni 1919) var ein norsk arkitekt.
Ole Falck Ebbell | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. september 1839 Christiania |
Død | |
Yrke | arkitekt |
Ole Falck Ebbell på Commons |
Han var fødd i Christiania som son av juristen og den seinare rådmannen Ole Falck Ebbell. Han studerte bygningskunst i Tyskland og Sveits og hadde fleire års virke i Christiania før han kom til Trondhjem. Blant anna medverka han som assistent ved bygginga av Stortingbygningen i 1861.
I 1867 kom han til Trondhjem. Han vart lærer i mekanikk og bygningskunst ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt (forløperen til NTH) i 1871, 32 år gammal, og i 1891 vart han overlærer i bygningskunst og leiar for arkitektavdelinga. Ebbell var samfunnsengasjert og medlem av formannskapet i Trondhjem i tillegg til mange offentlege og private verv. Han var medlem av kommisjonen for restaureringa av Nidarosdomen 1882-1894.
Arkitekt Ebbells veg i Trondheim er oppkalla etter han.
Prosjekt Endra
- Asylet på Rotvoll
- Ila skule (Trondheim)
- Kalvskinnet skule
- Trondhjems rådhus (no folkebiblioteket)
- Dampkjøkkenet i Gata til kongen
- Bodø sjukehus
- Neevengården asyl i Bergen
- Eg asyl ved Kristiansand
- Elvran kapell
- Snillfjord kyrkje
- Rica Meyergården hotell
Galleri Endra
Nokon av Ole Falck Ebbels bygningar:
-
Rotvoll Asyl, no Høgskulen i Sør-Trøndelag
-
Trondheim folkebibliotek
-
Kalvskinnet skule i Trondheim
-
Elvran kyrkje i Stjørdal
-
Snillfjord kyrkje, hans kanskje mest berømde byggverk.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Ole Falck Ebbell (arkitekt)» frå Wikipedia på bokmål, den 12. oktober 2018.
Kjelder Endra
- Ole Falck Ebbell (arkitekt) i Store norske leksikon
- Ebbell Ole Falck i Projekt Runeberg i Brinchmann, Daae & Hammer, Ebbell Ole Falck i Projekt Runeberg (1. utgåve, 1912)