Ole G. Hovi
Ole Gudbrandsson Hovi (23. mars 1862–13. desember 1931) var ein norsk jurist og politikar frå Lomen i Vestre Slidre i Oppland. Han var stortingsmann 1913-15.
Ole G. Hovi | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. mars 1862 Lomen |
Død |
13. desember 1931 (69 år) |
Yrke | politikar, sorenskrivar |
Politisk parti | Arbeiderdemokratene |
Hovi var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han skulevegen og vart student frå Hauges Minde i Kristiania i 1883. Etter å ha teke cand.jur.-eksamen i 1889, var han han åra 1890-93 fullmektig hos sorenskrivaren i Mid-Gudbrandsdal og Valdres. Sidan var han overrettssakførar i Nord-Aurdal til han i 1913 fekk stillinga som sorenskrivar i Nordre Helgeland. Frå 1919 var han sorenskrivar i Voss, busett på Vossevangen.
Hovi var ei tid formann i Valdres krins-venstreforeining og representerte valbolken 1913-15 einmannskrinsen Valdres på Stortinget, vald for Arbeiderdemokratene. På Tinget var han medlem i Justiskomite nr 2 og av Lagtinget.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Ole G. Hovi NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv