Opna hovudmenyen

Ole Jacob Broch

norsk matematikar, fysikar, økonom og politikar

Ole Jacob Broch (14. januar 18185. februar 1889) var ein norsk matematikar, fysikar, sosialøkonom og politikar.

Ole Jacob Broch
Statsraad Dr O J Broch - 1891.jpg
Fødd 14. januar 1818
Fredrikstad
Død

5. februar 1889
Sèvres

Yrke matematikar, fysikar, samfunnsøkonom, politikar, universitetslærar
Ole Jacob Broch på Commons

Han var fødd i Fredrikstad som son av og offiseren og stortingsmannen Johan Jørgen Broch og døydde i Sèvres i Frankrike som direktør for Det internasjonale byrået for mål og vekt.

Etter å ha studert matematikk , mekanikk og fysikk fekk han i 1842 eit dosentur ved Universitetet i Kristiania, året etter var han med å starte Nissens Latin- og Realskole . I 1847 disputerte han for doktorgraden; han var då den første i Noreg som brukte morsmålet ved ein doktordisputas. Avhandlinga var om «Lovene for Lysets Forplantelse i isofane og eenaksig krystalliserede Legemer» (1847).

I 1858 vart han professor i matematikk, 1859- 60 var han representant for Kristiania på Stortinget. Frå 1869 til 1872 var han statsråd og sjef for Marine- og postdepartementet. Han var dessutan engasjert på mange andre samfunnsområde; han var med å stifte Noregs første forretningsbank og eit livsforsikringsselskap der han vart direktør, han var Noregs første jernbanedirektør før han seint i livet vart engasjert i mål og vekt. Han ivra for å ta i bruk det desimaloppbygde metersystemet som var så enkelt at ein kunne lære det på nokre minutt. Han spelte ein sentral rolle då meterkonvensjonen vart utforma, og vart den første direktøren for Det internasjonale byrået for mål og vekt i Frankrike.

Broch vart utnemnt til ridder av St. Olavs Orden allereie i 1855, forfremja til kommandør i 1866 og fekk storkrossen i 1879.

I 1936 fekk Ole Jacob Brochs gate i Oslo namn etter han.

BakgrunnsstoffEndra