Ole Martin Kolskogen
Ole Martin «Olis» Lekven Kolskogen (fødd 20. januar 2001 i Bergen) er ein norsk fotballspelar frå Os. Han har tidlegare spelt for Os Turnforening, Åsane Fotball og melde overgang til Sportsklubben Brann jula 2019. Han har ei rekkje U-landslagskampar og er rekna for å vere eit av dei fremste norske midtstoppar-talenta. Kolskogen har gjort seg merka sidan overgangen til Brann. Mellom anna ved å oppnå fast plass i midtforsvaret sidan sesongstarten i 2020. På kort tid har Kolskogen styrkt posisjonen sin som Branns fremste midtstoppar, noko som har overraska mange, og samtidig vore eit prov på kvalitetane hans og store talent. Dette har gjort Kolskogen notert òg utan for Brann, og spelaren blir følgd tett av utanlandske klubbar
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 20. januar 2001 (23 år) | ||
Fødestad | Os i Hordaland | ||
Høgd | 187 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Brann | ||
Nummer | 25 | ||
Ungdomsklubbar | |||
-2016 | Os Turn | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2016-2017 | Os Turn | ||
2018-2020 | Åsane | ||
2020- | Brann | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 4. januar 2020 |
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre- «Ole Martin Lekven Kolskogen», profil på NFFs heimeside. (Landslagsstatistikk)
- «Ole Martin Lekven Kolskogen», profil på Transfermarkt.com