Ole Olsson Fidje (17802. april 1860) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Finsland i Vest-Agder.

Ole Olsson Fidje
Fødd 27. juli 1780
Finsland
Død

2. april 1860
Finsland

Yrke lærar, bonde, politikar

Far hans var gardbrukar i Finsland. I yngre år var Ole skulehaldar. Han kjøpte så eit bruk på garden Fidje i Greipstad sokn i Søgne, og dreiv dette til han døydde. Fidje var 3. representant for Lister og Mandals amtStortinget i 1833. Der var han medlem av komiteen for gasjer, pensjonar, budsjett- og skattestell. Både i 1827 og 1836 var han 3. varamann til Stortinget. Perioden 1837-41 var han medlem av heradsstyret i Søgne.

Fidje døydde på garden sin i 1860.

KjelderEndra