Ole Reistad

norsk idrettsmann, flyger og offiser

Ole Imerslun Reistad (26. juni 189822. desember 1949) var ein norsk idrettsmann, flygar og offiser frå Furuset i Oslo. Han vart oberst i 1946.

Ole Reistad

Oberst Ole Reistad på 1940-talet
Fødd26. juni 1898
Fødestad Aker i Noreg
Død22. desember 1949 (51 år)
Truskap Noreg
Tenestetid19211949
RangOberst
EiningHæren og Luftforsvaret
Konfliktarandre verdskrigen
KommandoarFlyvåpnenes Treningsleir (Little Norway)
Luftkommando Nord
Militære slagÅtaket på Noreg
UtmerkingarKommandør med stjerne av St. Olavsorden

Oppvekst endre

Reistad var heile livet idrettsinteressert, og i gutedagane var det fotball og langrenn som gjaldt. Han gjekk på folkeskolen i det som den gongen heitte Østre Aker, og heldt seinare fram på middelskolen inne i Oslo. Som femtenåring var Reistad med og stifta guteforeininga Jarlen, som 14. januar 1914 vart omdanna til Furuset Idrettsforening.[1]

Idrettsprestasjonar endre

Ole Reistad var ein allsidig idrettsutøvar, om vinteren var det langrenn, hopp og kombinert, og om sommaren var det friidrett og fotball. Som 18-åring debuterte han i Holmenkollbakken. Det store gjennombrotet som skiløpar kom i Nydalsrennet i 1920, då han som relativt ukjent B-løpar vann heile rennet fleire minutt framfor vinnaren i A-klassa, den seinare olympiske meister Thorleif Haug. Han deltok under sommar-OL for Noreg i 1920 i Antwerpen med 14. plass i femkamp, og vart Noregsmeister i femkamp i Bergen i 1922.[1] Han tok òg NM-sølv i 1921 og NM-bronse i 1922, begge i diskos. For sine «fremragende prestasjoner som skiløper og utmerkede prestasjoner i friidrett», vart han tildelt Egebergs Ærespris for 1922.

Han var norsk flaggberar i vinter-OL 1928 i St. Moritz og leidde det norske laget i militært patruljeløp under OL i St.Moritz. Militært patruljeløp kan seiast å vere ein forløpar til våre dagars skiskyting, og var framsyningsgrein i OL i 1928. Med på laget var Leif Skagnæs, Ole Stenen og Reidar Ødegaard. Noko overraskande vann dei framfor finske og sveitsiske favorittar. Det var under dette løpet at Reistad før ei lang utforkjøring kom med orda som sidan har vorte eit standardutrykk: «Samling i bånn, gutter».

I OL 1936 i Garmisch-Partenkirchen var han hovudleiar for den norske troppen.[1]

Militær karriere før andre verdskrig endre

Reistad vart uteksaminert frå Krigsskolen i 1921. Han tok til som elev ved Hærens flyskole på Kjeller i 1922, og vart etterkvart instruktør på same stad. Han hadde òg jobben som innflygar, dvs. at han vart send utanlands for å teste nye fly for Hærens flyvåpen. Etter at andre verdskrig hadde brote ut, vart mange av dei vernepliktige flygarane kalla inn til nøytralitetsteneste. Ole Reistad var då sjef for Speidarvingen, stasjonert på Kjeller ved Lillestrøm. Dei hadde som oppgåve å overvake kysten, og prøve å identifisere framande fly som krenkte norsk luftterritorium. Oppgåva var vanskeleg, då dei norske flya var altfor umoderne og saktegåande i høve til de utanlandske som kom inn over norsk luftrom.

Norsk Aero Klubb endre

I perioden 1935 til 1946 var Reistad formann for Norsk Aero Klubb. Verksemda i Noreg låg nede under krigen, men vart tatt opp att under hans leiing då freden kom. Talet lokallag voks kraftig medan Reistad var formann, og det vart etterkvart ein landsdekkende organisasjon.

Felttoget i Noreg 1940 endre

Tyskarane tok raskt kontroll over Oslo-området, dermed måtte Reistad flytte nordover med flya og mannskapane sine. Sidan flya hadde skiunderstell montert vart islagte vatn nytta som landingsplassar. Ganske raskt hamna dei i Gudbrandsdalen, først på Fefor, men dei flytta raskt over til Espedalsvatnet, då Fefor låg litt for ope og utsett til. Då Sør-Noreg vart gitt opp 1. mai, drog Reistad og hans menn mot Lierne i Trøndelag, og derifrå vidare til Bardufoss, der dei kom 5. mai. Reistad vart då beordra som mellombels sjef for Hærens Flyvåpen i Noreg av general Ruge. Flyplassen vart rydda for snø, slik at engelske jageravdelingar kunne nytte flyplassen med sine Gloster Gladiator og Hurricane-jagarar. Kampane i Nord-Noreg heldt fram til den 8. juni då engelskmennene måtte trekke seg ut då situasjonen på kontinentet var blitt så prekær at dei ikkje lenger kunne halde fram operasjonane i Noreg. Reistad demobiliserte då Hærens Flyvåpen, og flygarane vart bede om å prøve å komme seg over til England for å halde fram kampen derifrå.

Rundt jorda til Canada endre

Etter at kampane i Noreg var over, skulle Reistad først prøve om det gjekk å få starta ein norsk flyskole i Finland, sidan finnane hadde fått mykje hjelp frå Noreg under Vinterkrigen. Det synte seg å vere vanskeleg, og då Reistad fekk inntrykk av at finnane vart meir og meir tyskvennlege måtte han gi opp forsøket. Han reiste så til Stockholm for å prøve å få overført så mange som mogleg av dei som hadde flykta frå Noreg til England eller Canada. Sjølv kom han til Toronto like før jul i 1940 via fly til Moskva, tog til Vladivostok, båt til Tokyo, båt til Vancouver og deretter tog til Toronto og Little Norway, der han meldte seg for sjefen for Hærens Flyvåpen, major Bjarne Øen.

Little Norway endre

Flyvåpnenes Treningsleir vart offisielt opna i november 1940. Den låg i hamneområdet i Toronto, skilt frå flyplassen «Island Airport» med ein liten kanal. Øen reiste til London våren 1941 og 4. april vart Reistad forfremma til major og beordra som sjef for leiren. Under hans leiing hende det mykje i leiren. Han tok initiativet til ein innsamlingsaksjon for å skaffe soldatane ein rekreasjonsstad, og for 12000 dollar vart ein plass 160 km nord for Toronto kjøpt inn. Tømmerhuset som låg der vart pussa opp, og fleire hus vart bygd. Det var mannskapa som åtte staden, men det vart òg nytta til opplæring av rekruttar, derfor stod Flyvåpenet for administrasjon og vedlikehald av staden som fekk namnet «Vesle Skaugum». Reistad vart etterkvart forfremma til oberstløytnant.

I 1943 vart sjølve treningsleiren òg flytta ca. 100 km nord for Toronto til ein stad som heitte Muskoka, dette vart finansiert ved å selje leiren i Toronto til kanadiarane. Mot slutten av krigen vart all trening overført til Winkleigh i England, og verksemda i Canada tok slutt. Under tida i Canada kom Reistad på kant med fleire av dei mektige norske leiarane som var i eksil, m.a. stortingspresident Carl J. Hambro.[treng kjelde] Truleg skuldast dette misforståingar og ei viss misunning fordi Reistad m.a. lukkast særs godt med å samle inn pengar til verksemda mellom skandinavisk ætta i USA og Canada.[treng kjelde] Dette hadde ingen god innverknad på hans vidare karriere i Luftforsvaret.[treng kjelde]

I 2010 vart det kjent at han hausten 1942 planla å invadere Noreg med 1100 fly og 120 000 allierte soldatar. Ein føresetnad var at Sverige skulle gi opp nøytraliteten og bli med på åtaket. Invasjonen skulle starte med flydropp av rundt 10 000 soldatar øvst i Gudbrandsdalen og like mange i Valdres. I tillegg var Helgeland eit hovudmål. Reistad meinte dette var den beste måten å utnytte allierte styrkar på. Planen skal ha blitt utarbeidd på ordre frå amerikanske styresmakter.[2]

Retur til Noreg endre

Reistad vart beordra til Bardufoss flystasjon som sjef for Luftkommando Nord ved frigjeringa. Først ved jonsoktider fekk han høve til å møte familien att som hadde vore heime i Noreg under heile krigen. Dette skjedde under stor festivitas på Furuset Stadion som Reistad hadde vore primus motor for bygginga av før krigen.

Sjukdom og død endre

Medan han var sjef for Luftkommando Nord på Bardufoss vart han sjuk og måtte leggast inn på Rikshospitalet for ein vanskeleg og farleg hjerneoperasjon. Han kom seg gjennom operasjonen, men var naturleg nok sterkt redusert. Helsetilstanden vart snart verre att. Kort før han døydde vart han av Kong Haakon utnemnd til Kommandør med stjerne av St. Olavsorden for sin store innsats for Noreg. Han etterlet seg kona Bergljot og tre barn: Ole, Ragnhild og Kjell Arne.

Stader kalla opp etter Reistad endre

  • Ole Reistads vei på Furuset i Oslo
  • Ole Reistads vei i Bodø
  • Ole Reistads vei i Lørenskog
  • Ole Reistads veg i Bardufoss
  • Ole Reistads veg i GjestadhagenJessheim.
  • Ole Reistads gate i Stavanger
  • Ole Reistad-løypa i Østmarka
  • Reistadløpet, Ole Reistads minneløp, Bardufoss; ca. 30km langt skirenn som har vore arrangert årleg (med få unnatak) sidan 1958.
  • Byste av Ole Reistad, Bardufoss
  • Byste av Ole Reistad, Furuset
  • Ole Reistad senter, Norges Luftsportsforbunds rikssenter for seglflyging på Starmoen ved Elverum.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Jakob Vaage (1956). Norske Skiløpere. Østlandet Sør. Oslo: Skiforlaget – Erling Ranheim. s. 565–567. 
  2. http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article3965393.ece

Kjelder endre

  • Omholt-Jensen, Edvard (1986). Ole Reistad «The Spirit of Little Norway». Athenum. ISBN 82-7334-142-9. 
  • Tidemann-Johannessen, Birger (2001). Spitfire - Norsk jagerflyger i kamp. Orion Forlag AS. ISBN 82-458-0481-9. 
  • Reed Olsen, Oluf (1945). Vi kommer igjen - En norsk flygers beretning. Norsk Kunstforlag. 

Bakgrunnsstoff endre