Olga Sergejevna Kutsjerenko (fødd 5. november 1985) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Volgograd. Ho tok i 2011 VM-sølv i lengdehopp, ein medalje ho vart frådømd i 2017.

Olga Kutsjerenko

Aktiv endre

Kutsjerenko hoppa seg inn i verdseliten i øvinga i 2009-sesongen då ho som best landa på 6,91 m. 27. mai 2010 presterte ho sitt livs lengste hopp, under særs gunstige tilhøve i Sotsji vart ho målt til 7,13 meter. Vel to månader seinare vann ho bronsen ved europameisterskapen i Barcelona.

Doping endre

I 2011 kneip Kutsjerenko sølvmedaljen med eit hopp på 6,77 m då friidretts-VM ved fann stad i Daegu. Fem år seinare viste ein retest av dopingprøva hennar spor etter ulovlege midlar. I 2017 vart ho frådømd medalja.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre