Olga Sergejevna Kuzenkova (fødd 4. oktober 1970) er ein russisk tidlegare sleggjekastar frå Smolensk som vart europameister 2002 og olympisk meister i øvinga i 2004. Frå 2005 til -13 stod ho som verdsmeister i sleggjekast, eit resultat som då vart annullert. Ho var den fyrste kvinna som kasta meir enn 70 meter i sleggje.

Olga Kuzenkova
Statsborgarskap Russland
Fødd 4. oktober 1970 (53 år)
Smolensk
Yrke sleggekaster
Språk russisk
Høgd 176 centimeter
Medlem av Smolensk Oblast Duma

Aktiv endre

I 1997 vart Kuzenkova den fyrste kvinna som slengde sleggja forbi 70-metersmerket. Både ved europameisterskapen 1998 i Budapest, verdsmeisterskapen 1999 i Sevilla, og dei olympiske sommarleikane 2000 i Sydney og friidretts-VM 2001 i Edmonton vann ho sølvmedaljar. Dei to fyrste meisterskapane møtte ho si overkvinne i Mihaela Melinte frå Romania, deretter måtte ho sjå seg slått av høvesvis polske Kamila Skolimowska og kubanske Yipsi Moreno.

Etter eit lengstekast på 72,94 m tok Kuzenkova gullmedaljen heim frå friidretts-EM 2002 i München. Året vart det eit nytt VM-sølv, ettersom Yipsi Moreno forsvarte meistertittelen under VM 2003 i Paris. Under sommarleikane i Aten i 2004 fekk Kuzenkova opp eit kast som målte 75,02 m og vart med det OL-vinnar framom dei kubanske utøvarane Moreno og Yunaika Crawford.

Kuzenkova vart tildelt sleggje-gullet under friidretts-VM i Helsinki, ei avgjerd som vart omgjord åtte år seinare. I 2007 lukkast ho ikkje kvalifisere seg til VM-finalen, og då ho i OL-sesongen ikkje lukkast å kome med i den russiske OL-troppa til Beijing, la ho opp.

Kuzenkova sitt lengste sleggjekast målte 75,68 meter og vart prestert den 4. juni 2000 i Tula.

Doping endre

I mars 2013 vart det funne spor etter ulovlege stoff då ei urinprøve frå 2005 vart retesta. Alle hennar resultat i ein toårsperiode frå 2005 vart annulllerte.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje – 69,28 m, bak Mihaela Melinte (71,17 m)
  • VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje – 72,56 m, bak Mihaela Melinte (75,20 m)
  • OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje – 69,77 m, bak Kamila Skolimowska (71,16 m)
  • VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje – 70,61 m, bak Yipsi Moreno (70,65 m)
  • EM 2002 i München: Gullmedalje – 72,94 m, framom Kamila Skolimowska (72,46 m)
  • VM i 2003 i Paris: Sølvmedalje – 71,71 m, bak Yipsi Moreno (71,33 m)
  • OL 2004 i Aten: Gullmedalje – 75,02 m, framom Yipsi Moreno (73,36)
  • VM i 2005 i Helsinki: Nr 1 - 75,10 m (annullert 2013)
  • VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa (nr 22 – 66,56 m)

Kjelder endre