Opna hovudmenyen

Olga Tokarczuk

en polsk forfatter

Olga Nawoja Tokarczuk[a] (fødd 29. januar 1962) er ein polsk forfattar og psykolog. Ho bur i Wrocław (2019), og underviser ved universiteta i Opole og Kraków.

Olga Nawoja Tokarczuk
Olga Tokarczuk (2018).jpg
Pseudonym Natasza Borodin
Nasjonalitet Polen
Fødd (fødd 29. januar 1962)
Sulechów
Yrke Romanforfattar, skribent, psykolog, lyrikar
Sjanger dikt, essay, roman, historisk roman, forteljing
Ektefelle Roman Fingas, Grzegorz Zygadło
Born Zbigniew Fingas
Prisar Nobelprisen i litteratur 2018, Man Booker International 2018
Olga Tokarczuk på Commons

I 2018 vart ho tildelt den britiske litteraturprisen Man Booker International.[1] I 2019 mottok ho Nobelprisen i litteratur for 2018.[2]

BiografiEndra

Olga Tokarczuk vart fødd i Sulechów nær Zielona Góra i Nederschlesien vest i Polen. Tokarczuk studerte psykologi ved Universitetet i Warszawa.[3] Etter avslutta studium i 1985, flytta ho saman med sin dåverande mann til ein liten by i nærleiken av Wrocław. Tokarczuk spesialiserte seg i klinisk psykologi og arbeidde i nokre år òg med narkomane og alkoholikarar.[3]

Sidan 1998 har ho budd i den vesle landsbyen Krajanów ved Nowa Ruda. Frå heimstaden dreiv ho i fleire år eit eige forlag, Ruta.

Tokarczuk debuterte som poet og har seinare skrive noveller, romanar og essay. Ho vert sett på som ein av dei mest kritikarroste polske prosaistane av sin generasjon.[4] Romanen Gammeltida och andra tider (1996; svensk oms. 2006) er rekna som hennar kommersielle og kunstnariske gjennombrot.[5] Verka er omsette til mange språk, blant anna engelsk, tysk, litauisk, kroatisk, fransk, spansk, svensk og dansk. To av romanane er omsette til norsk.

BibliografiEndra

Omsetjingar og gjendiktingar til norskEndra

  • E.E. (originaltittel: E.E., 1995) omsett av Anne Walseng, Cappelen Damm, 2001 ISBN 8202185262
  • Løperne (originaltittel: Bieguni, 2007) omsett av Aldona Szczepánska, Den grøne malen, 2012 ISBN 9788293096023
  • Før plogen din over de dødes knokler (originaltittel: Prowadz swój plutokarczuk, olgag przez kosci umarlych, 2009) omsett av Julia Wiedlocha, Gyldendal, 2019 ISBN 9788205520714

PolskEndra

  • 1989: Miasto w lustrach ('Byen i speil'), diktsamling[6]
  • 1993: Podróż ludzi Księgje
  • 1995: E.E.
  • 1996: Prawiek i inne czasy ('Forhistorien og andre tider')[6]
  • 1997: Szafa
  • 1998: Dom dzienny, dom nocny (svensk tittel Daghus, natthus)[6]
  • 2000: Opowieści wigilijne, saman med Jerzym Pilchem og Andrzej Stasiuk
  • 2001: Lalka i perła
  • 2001: Gra na wielu bębenkach (svensk tittel Spel på många små trummor)[6]
  • 2004: Ostatnie historie
  • 2006: Annan In w grobowcach świata
  • 2007: Bieguni
  • 2009: Prowadź swój pług przez kości umarłych
  • 2012: Moment niedźwiedzia ('bjørnen sin augenblink')
  • 2014: Księgje Jakubowe ('Jakobsbøkane')[6]
  • 2017: Zgubiona dusza
  • 2018: Opowiadania bizarne ('bisarre forteljingar')
  • 2018: Profesor Andrews w Warszawie. Wysp

FilmmanusEndra

Utover romanar, dikt og noveller har Tokarczuk vore manusforfattar for tre filmprosjekt. Første gong var for filmen Żurek ('Surdeigssuppe') med regissøren Ryszard Brylski i 2003 (basert på hennar forteljing med same namn). Med Agnieszka Smoczyńska og Robert Bolesto skreiv ho i 2007 manuset til kortfilmen Aria Diva, basert på novella Ariadna na Naksos frå Tokarczuks novellesamling Gra na wielu bębenkach ('Spill på mange trommer'). I 2017 bidrog ho som manusforfattar til filmen Pokot, regissert av Agnieszka Holland og basert på Før plogen din over de dødes knokler (2009; i norsk omsetjing 2019). Den vann Sølvbjørnen og vart nominert til Gullbjørnen ved Filmfestivalen i Berlin 2017.

MerknadarEndra

  1. Uttalt IPA: [tɔˈkart͡ʂuk]

ReferansarEndra

  1. Flood, Alison (22. mai 2018). «Olga Tokarczuk's 'extraordinary' Flights wins Man Booker International prize». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  2. «Olga Tokarczuk og Peter Handke får Nobels litteraturpris» (norsk). Aftenposten. 10. oktober 2019. Henta 10. oktober 2019. 
  3. 3,0 3,1 Franklin, Ruth (29. juli 2019). «Olga Tokarczuk’s Novels Against Nationalism» (engelsk). ISSN 0028-792X. Henta 10. oktober 2019. 
  4. Nielsen, Atle (23. mai 2018), «Booker-vinner på Gyldendal», BOK365.no (på bokmål), henta 11. oktober 2019 
  5. «Polish Writing: Tokarczuk». 20. september 2012. Arkivert frå originalen 2012-09-20. Henta 17. november 2016. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Joanna Rzadkowska med fleire. Olga Tokarczuk. Store norske leksikon. 2019-10-11