Olha Valerijivna Saladukha[a] (fødd 4. juni 1983) er ein ukrainsk friidrettsutøvar frå Donetsk. Ho vart verdsmeister i tresteghopp i 2011, og har vunne EM-gull tre gongar på rad; 2010, 2012 og 2014.

Olha Saladukha


Statsborgarskap Ukraina
Fødd 4. juni 1983 (40 år)
Donetsk
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2016, Friidrett under Sommar-OL 2008 – Tresteg damer, Friidrett under Sommar-OL 2012 – Tresteg damer

Utmerkingar

2. klasse av Fyrstinne Olgas orden, 3. klasse av Fyrstinne Olgas orden, Medalje for arbeid og seier, 1. klasse av Fyrstinne Olgas orden

Aktiv endre

Saladukha byrja hevde seg mot verdseliten i trestegøvinga i 2006-sesongen, då ho vart nummer fire i europameisterskapen i Göteborg med eit bestehopp på 14,28 m. Året ettet vann ho universiaden i Bangkok med ny personleg rekord på 14,79 m. Trass i gode 14,60 m vart ho berre nummer sju under VM i friidrett 2007 i Osaka.

I 2008 vart Saladukha ukrainsk meister med personleg rekord, 14,84 meter. Under Sommar-OL 2008 i Beijing kom ho på niandeplass. Ho var ikkje aktiv i 2009. Under friidretts-EM i Barcelona i 2010 fekk ho sin fyrste store triumf då ho vart europameister med 14,81 meter, 0,25 m framom italienske Simona La Mantia.

Saladukha under friidretts-EM 2010

Under verdsmeisterskapen 2011 i Daegu slo Saladukha til med 14,94 m i fyrste omgang, dermed vann ho gullmedaljen framom kasakhstanske Olga Rypakova som nådde 14,89 m og Caterine Ibargüen frå Colombia som fekk notert 14,84 m.

Saladukha forsvarte EM-tittelen i Helsingfors i 2012. Ho sette personleg rekord med 14,99 meter og var nesten ein halvmeter framom sølvmedaljøren Patrícia Mamona frå Portugal. Under sommarleikane i London vel ein månad seinare berga ho ein bronsemedalje då ho hoppa 14,79 m i sjette og siste omgang, ein cm bakom Ibargüen som også gjorde sitt lengste hopp i suste omgang. Med eit hopp på 14,98 m sikra Rypakova seg OL-gullet. Endå ein bronsemedalje fekk Saladukha i VM i friidrett 2013 i Moskva. Hennar lengstehopp i tevlinga målte 14,65 m, Caterine Ibargüen vart verdsmeister med 14,85 m.

I EM i friidrett 2014 i Zürich tok Saladukha sitt tredje strake EM-gull. Ho gjorde sitt beste hopp for sesongen, 14,73 m, og syrgde dermed for at Jekaterina Koneva frå Russland måtte ta til takke med sølv, slik ho hadde mått gjere under VM året før.

Merknadar endre

  1. Ukrainsk skrift Ольга Валеріївна Саладуха

Kjelder endre