Olivenkronefamilien
Olivenkronefamilien er ein biologisk familie av fire artar mellomstore sporvefuglar med utbreiingsområdet i Mellom-Amerika og Sør-Amerika.
Olivenkronefamilien | |
Raudnebbtanagar, Lamprospiza melanoleuca Foto: Doug Janson
| |
Utbreiing | |
Utbreiinga av olivenkronefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar |
Underorden: | Passeri |
Familie: | Olivenkronefamilien Mitrospingidae 2012 |
Dei fire artane var tidlegare medlemmer av tanagarfamilien, Thraupidae, men frå 2017 er sett inn i sin eigen familie med det vitskaplege namnet Mitrospingidae.[1]
Fjørdraktene til tre av artane er gjennomgåande i olivengrønt til gult, raudnebbtanagar skil seg ut med sin drakt i svart og kvitt. Alle artane er knytt til relativt fuktige og lågtliggande skogshabitat, tepuiolivenkrone opptil 1800 moh. Dette er standfuglar. Dei er klassifiserte som globalt livskraftige, LC, av IUCN.
Artslista
endreOlivenkronefamilien i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2019[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
- Slekt Mitrospingus
- Maskeolivenkrone, Mitrospingus cassinii, Dusky-faced Tanager, Lawrence, 1861, (LC)
- Kroppslengde på 18 centimeter, lever langs atlanterhavskysten av Mellom-Amerika sør for Mexico, sør til Colombia og sørover langs stillehavskysten til nordlege delar av Ecuador.
- Tepuiolivenkrone, Mitrospingus oleagineus, Olive-backed Tanager, Salvin, 1886, (LC)
- Ca 19 cm i kroppslengd. Lever i et avgrensa tepui-område rundt trestatsgrensa Brasil, Venezuela, Guyana.
- Slekt Lamprospiza
- Raudnebbtanagar, Lamprospiza melanoleuca, Red-billed Pied Tanager, Vieillot, 1817, (LC)
- Kroppslengde på 17-18 cm, kjenneleg med svart overside, kvit underside og raudt nebb. Stort utbreiingsområde frå austlege Peru tvers over Amazonas av Brasil til nordaustre Brasil og Guyanaregionen.
- Slekt Orthogonys
- Klortanagar, Orthogonys chloricterus, Olive-green Tanager, Vieillot, 1819, (LC)
- 18-19 cm. Lever nokså kystnært langs atlanterhavskysten av søraustre Brasil, omtrent mellom Rio de Janeiro og sørover til kysten av delstaten Santa Catarina.
Kjelder
endre- del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Oppslag på artar i Mitrospingidae, Lynx Edicions, Barcelona. Henta 21. desember 2019
- Referansar
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2014), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Updates & Corrections – August 2017, page 652, Mitrospingidae (Mitrospingid Tanagers, Cornell Lab of Ornithology, henta 21. desember 2019
- ↑ Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 22. desember 2019
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)