Olkhon (russisk Ольхон) er den fjerde største øya i ein innsjø i verda. Ho er den klart største øya i Bajkalsjøen aust i Sibir i Russland med eit areal på 730 km².

Olkhon
Olkhon
Olkhon
Geografi
Stad Bajkalsjøen

Areal 730 km² km²

Høgaste punkt Zjima (1276 moh. (818 m over innsjøen) moh.)

Administrasjon
Land Russland
Distrikt
Føderasjonssubjekt
Sibir
Irkutsk oblast
Største busetnad Khuzjir

Demografi
Folketal 1500
Folketettleik 2 /km²
Innfødde folk Burjatar

Geografi endre

Olkhon har eit variert terreng og mange arkeologiske landemerke. Langs austsida er det bratte fjell og Zjima er det høgaste fjellet på 1276 meter over havet og 818 meter over Bajkalsjøen. Øya er stor nok til å ha eigne innsjøar og består av ei blanding av taiga, steppe og til og med ein liten ørken. Eit djupt sund skil øya frå land.

Øya har oppstått som følgje av millionar av år med tektonisk rørsle, som har skapt det djupe sundet kalla Det vesle sjøsundet og steinblokker som har danna øya. Dei bratte fjellsidene viser den vertikale hevinga av jordoverflata.[1]

Innbyggjarar endre

 
Olkhon
 
Ferja over til Olkhon

Øya har om lag 1500 innbyggjarar som hovudsakleg består av burjatar, det innfødde folket på øya.[2]

Det er fleire busetnader og fem landsbyar på øya: Jalga, Malomorets, Khuzjir, Kharantsi og Ulan-Khusjin. Landsbyen Khusjir er det administrative senteret på Olkhon og har om lag 1200 innbyggjarar og eit lokalt museum.[3]

Økonomi endre

Dei fleste innbyggjarane er fiskarar, bønder og kvegbønder. På grunn av aukande turisme frå heile verda arbeider òg ein del i denne sektoren og turisme har vorte ein viktig del av økonomien på Olkhon.

Kultur endre

Dei innfødde burjatane meiner at øya er ein andeleg stad og på vestkysten, nær Khuzjir ligg Bajkal sitt mest kjende landemerke, Sjamanka eller Sjamanklippa. Dei innfødde trur at Burkhan, ein moderne religiøs kultfigur frå altajfolket, lever i grotta i denne klippa. Museet på Olkhon har utstillingar frå naturen og etnografien på øya, inkludert piper og samovarar.

Olkhon er eit heilag sjamanistsenter og vert òg rekna som senter for Kurumtsjinskajkulturen frå 700-1000-talet.

Historie endre

 
Sjamanklippa nær Khuzjir

Øya har ei lang historie. Dei opphavlege innfødde folkegruppene var kurykanar, forfedrane til burjatane og jautkane.[4]

Russiske utforskarar vitja staden første gong på 1600-talet.[3]

Kjelder endre

  1. «Olkhon Island». baikal.eastsib.re. Henta 5. august 2008. 
  2. Russisk Greenpeace
  3. 3,0 3,1 «Olkhon island». irkutsk.org. Henta 5. august 2008. 
  4. «Description of Olkhon island». Henta 5. august 2008. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Olkhon

53°09′24″N 107°23′01″E / 53.15667°N 107.38361°E / 53.15667; 107.38361