Olofströms kommun

kommune i Blekinge len i Sverige

Olofströms kommune er ein kommune i Blekinge län i Sverige. Kommunen grensar til to andre kommunar i Blekinge län, Sölvesborgs kommun og Karlshamns kommun, høvesvis i sør og aust. Han grensar også til tre kommunar i Skåne län, Osby kommun og Kristianstads kommun i vest og Bromölla kommun i sør. I nord grensar han til Tingsryds kommun og Älmhults kommun i Kronobergs län. Administrasjonssenteret i kommunen er Olofström.

Olofströms kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Blekinge län
Landskap Blekinge
Del av Blekinge, Q61441584, Q61441670
Centralort Olofström
Areal 415,43 km²
 - land 391,9 km²
 - vatn 23,53 km²
Folketal 13 167
Folketettleik 34 / km²
Kart
Olofströms kommun
56°16′0″ N 14°31′0″ E
Wikimedia Commons: Olofström Municipality
Nettstad: www.olofstrom.se

Olofström har mykje skog, mange vatn og mange myrar. Næringslivet i kommunen er dominert av industriverksemder.

Administrativ historikk endre

16. oktober 1863 braut kommunen Kyrkhult ut av Jämshög. I 1941 braut Olofströms köping ut av Jämshögs kommun. I 1966 vart alle sameinte att under namnet Olofström (framleis köping fram til kommunereforma i 1971einskapleg kommunetype vart innførd og Olofströms kommun vart grunnlagd.)

Kommunevåpenet endre

Blasonering: På gullfarga bakgrunn, ein ståande svart hammar, omgjeven av elleve svarte sirklar i runding.[1]

Våpenet vart laga for Olofströms köping i 1950. Hammaren kjem frå seglet til Villands härad og sirklane frå eit jernverksstempel. Begge dei andre kommunane som hadde vorte innlemma i kommunen hadde også våpen. Men det var våpenet til den tidlegare köpingen som i 1974 vart registrert for Olofströms kommun i Patent- och registreringsverket.

Tettstader endre

Det er fem tettstader i Olofströms kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1 Olofström 7 425
2 Jämshög 1 605
3 Kyrkhult 1 016
4 Vilshult 327
5 Gränum 208

Kjelder endre

Fotnote endre

  1. «I fält av guld en stolpvis ställd svart smideshammare, omgiven av elva i cirkel ordnade svarta rundlar.».