Olve er eit mannsnamn som kjem frå norrønt Ǫlvir (runa ǫ, «O med kvist»), eller Ølvir , truleg samansett av vern - lukke og kjempe. Namnet er sjeldant, men har vorte noko vanlegare etter 1970.

Olve har namnedag i Noreg 3. august.

Bruken av namnet i NoregEndra

I folketeljinga i 1801 vart tolv personar manntalsførte med namnet Olve, (10 Olve og to Aalve), dei fleste budde i Aust-Agder.

I teljinga frå 1900 var det 21 personar som het Olve (to av dei vart innskrivne som Aalve, ein som Ølve), 15 av desse busette i Aust-agder.

I 2007 var det 312 som hadde Olve til første fornamn.

Kjende namneberararEndra

  • Olve på Egge (Ǫlvir á Eggju), hovgode på Mære som blei drepen av Olav den heilage
  • Olve Eikemo (f. 1973), kjend under artistnamnet Abbath Doom Occulta, svartmetallmusikar og komponist

Litterære figurarEndra

  • Olve Grjotgardsson (Olve av Egge) i den historiske romantriologien «Sølvhammeren», «Jærtegn» og «Helgenkongen» av Vera Henriksen.

Sjå ògEndra

Andre kjelderEndra