Ona
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ona i Øygarden.
Ona er ei øy i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke, og har 34 fastbuande. Øya ligg i havgapet ytst på Romsdalskysten og var opphavleg eit fiskevær.
Ona | |
---|---|
Fiskeværet Ona sett frå fyret oppe på Onakalven | |
Geografi | |
Stad | Romsdal |
Koordinatar | 62°51′54″N 06°32′46″E / 62.86500°N 6.54611°E
|
Areal | 0,8 km²
|
Høgaste punkt | Onakalven (22,6 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Møre og Romsdal
|
Demografi | |
Folketal | 34 |
Folketettleik | 43 /km² |
Ona består av dei to øyane Ona og Husøya. På Onakalven, det høgaste punktet på øya, står Ona fyr som vart bygd i 1867 og er 14,7 meter høgt. Fyret er eit kjent turistmål, og mange turistar vitjar øya kvart år. I seinare tid har øya òg vorte kjend for keramikkproduksjon.
I 1670 feia ei flodbølgje over øya under ein storm og tok med seg dei fleste husa der og mange menneske, men samfunnet vart med tida gradvis bygt opp att.