One Day at a Time
One Day at a Time Studioalbum av Joan Baez | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Januar 1970 | |
Innspelt | Bradley's Barn i Mt. Juliet i Tennessee i oktober 1969 | |
Sjanger | Country Folk | |
Lengd | 39:04 | |
Selskap | Vanguard | |
Produsent | Maynard Solomon | |
Joan Baez-kronologi | ||
---|---|---|
David's Album (1969) |
One Day at a Time | The First 10 Years (1970)
|
One Day at a Time er eit album frå 1970 av Joan Baez. Det vart spelt inn i Nashville og Baez fortsette her å eksperimentere med country, som ho byrja med på David's Album året før. Albumet inneheld ein av dei første songane Baez skreiv sjølv, «Sweet Sir Galahad» og «A Song for David». Den førstnemnde songen var ei ballade for den yngre syster hennar, Mimi Fariña, og den sistnemnde for den dåverande ektemannen hennar David Harris, som på den tida sat i fengsel som militærnektar. One Day at a Time inneheld òg songar av The Rolling Stones, Willie Nelson og Pete Seeger.
Albumet inneheld tre songar som Baez framførte på Woodstockfestivalen fire månader tiddlegare, «I Live One Day At A Time», «Joe Hill» og «Sweet Sir Galahad».
Vanguard si nyutgjeving inneheld to bonusspor frå innspelinga av One Day at a Time: «Sing Me Back Home» og «Mama Tried», begge duettar med Shurtleff, og begge skrivne av Merle Haggard. Desse to var først gjevne ut i plateboksen Rare, Live & Classic frå 1993.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | lenkje |
Rolling Stone | lenkje |
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Sweet Sir Galahad» | Joan Baez | 3:43 |
2. | «No Expectations» | Mick Jagger, Keith Richards | 3:47 |
3. | «Long Black Veil» | Marijohn Wilkin, Danny Dill | 3:24 |
4. | «Ghetto» | Homer Banks, Bonnie Bramlett, Bettye Crutcher | 4:33 |
5. | «Carry It On» | Pete Seeger, Gil Turner | 2:22 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Take Me Back to the Sweet Sunny South» (duett med Jeffrey Shurtleff) | Tradisjonell | 2:47 |
7. | «Seven Bridges Road» (duett med Jeffrey Shurtleff) | Steve Young | 3:42 |
8. | «Jolie Blonde» | Tradisjonell | 2:00 |
9. | «Joe Hill» | Alfred Hayes, Earl Robinson | 3:25 |
10. | «A Song for David» | Baez | 4:57 |
11. | «I Live One Day at a Time» (duett med Jeffrey Shurtleff) | Willie Nelson | 3:31 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
12. | «Mama Tried» (duett med Jeffrey Shurtleff) | Merle Haggard | 3:13 |
13. | «Sing Me Back Home» (duett med Jeffrey Shurtleff) | Merle Haggard | 2:53 |
Medverkande
endre- Joan Baez – vokal, gitar
- Pete Drake – pedalsteelgitar
- Roy Huskey jr. – bassgitar
- Tommy Jackson – fele
- Jerry Shook – gitar
- Jerry Reed – gitar
- Harold Bradley – gitar
- Hargus «Pig» Robbins – piano
- Harold Rugg – steelgitar, dobro
- Grady Martin – gitar, dobro, sitar
- Buddy Spicher – fele
- Norbert Putnam – bassgitar
- Kenny Buttrey – trommer
- David Briggs – piano, cembalo
- Richard Festinger – gitar
- Charlie McCoy – munnspel, vibrafon, orgel
- Henry Strzelecki – bassgitar
- Pete Wade – gitar
- Jim Marshall - fotografi
Salslister
endreListe (1971) | Plassering |
---|---|
Canada Top Albums/CDs (RPM)[1] | 35 |
US Billboard 200[2] | 80 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «One Day at a Time» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: