One from the Heart av Tom Waits

One from the Heart
Filmmusikk av Tom Waits
Språk engelsk
Utgjeve 1982
Innspelt Oktober 1980 til september 1981
Sjanger Jazz, viser
Lengd 41:45
Selskap CBS
Produsent Gray Frederickson
Tom Waits-kronologi 
Heartattack and Vine
(1980)
One from the Heart Swordfish
trombones

(1983)


One from the Heart er eit filmmusikkalbum av Tom Waits for Francis Ford Coppola-filmen med same namn, One from the Heart. Det vart spelt inn frå oktober 1980 til september 1981 og kom ut i 1982. Det var under innspelinga av dette albumet at Waits møtte kona si Kathleen Brennan. Ho var tilsett i studioet der albumet vart spelt inn og kom til å påverke Waits stort i den seinare musikkarrieren hans.

Crystal Gayle medverkar på store delar av albumet, anten med solovokal eller i duett med Waits. Filmmusikken vart nominert til ein Oscar for beste filmmusikk.

Filmen kom ut på DVD i 2004 med ny og betre lyd av filmmusikken, ein dokumentar om korleis filmmusikken vart laga og tidlegare demoinnspelingar og alternative utgåver som ikkje hadde vore gjevne ut før.

Innhald endre

Alle songane er skriven av Tom Waits.

  1. «Opening Montage (Tom's Piano Intro/Once Upon a Town/The Wages of Love)» – 5:16 (Instrumental)
  2. «Is There Any Way Out of This Dream?» – 2:13
  3. «Picking Up After You» – 3:54
  4. «Old Boyfriends» – 5:53
  5. «Broken Bicycles» – 2:53
  6. «I Beg Your Pardon» – 4:26
  7. «Little Boy Blue» – 3:43
  8. «Instrumental Montage (The Tango/Circus Girl)» – 3:00
  9. «You Can't Unring a Bell» – 2:20
  10. «This One's From the Heart» – 5:45
  11. «Take Me Home» – 1:37
  12. «Presents» – 1:00 (instrumental)

Musikarar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre