Opal er eit amorft mineral eller såkalla mineraloid som består av silisiumdioksid (kiselsyre eller silika, SiO2) med varierande innhald av vatn, vanlegvis 4–9 %. Edle opalar er av dei mest verdfulle edelsteinane.

Opal

Edel opal erstattar kalsitt i toskjela skal frå Coober Pedy. Frå South Australian Museum
Generelt
KategoriMineraloid
Kjemisk formelHydratsilika. SiO2·nH2O
Identifikasjon
FargeFargelaus, kvit, gul, raud, oransje, grøn, brun, svart, blå
KrystallformUjamne årer, i massar, i nodular
KrystallsystemAmorf[1]
KløyvIngen[1]
BrotMuslig til ujamn[1]
Mohs hardleiksskala5.5–6[1]
GlansSubglasaktig til voksaktig[1]
StrekfargeKvit
Transparensugjennomsiktig, gjennomskineleg, gjennomsiktig
Spesifikk vekt2.15 (+.08, -.90)[1]
Tettleik2.09
Polert glansGlasaktig til harpiksaktig[1]
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEnkeltbrytande, ofte avvikande dobbeltbrytande på grunn av strekk[1]
Brytingsindeks1.450 (+.020, -.080) meksikansk opal kan vere så låg som 1.37, men er typisk 1.42–1.43[1]
Dobbeltbrytingingen[1]
PleokroismeIngen[1]
Ultrafiolett fluorescenssvart eller kvit, ikkje-reaktiv til kvit til moderate lyseblå, grøn, eller gul i lang- og kortbølgja. Kan òg fosforescere; vanleg opal: ikkje-reaktiv til kraftig grøn eller gulaktig grøn i lang- og kortbølgjer, kan fosforescere; eldopal: ikkje-reaktiv til moderate grønaktig brun i lang- og kortbølgjer, kan fosforescere.[1]
Absorpsjonsspektrumgrønsteinar: 660 nm, 470 nm avbrot[1]
Kjenneteiknmørk ved oppvarming
Oppløyselegheitvarmt saltvatn, basar, metanol, humussyre, hydrogenfluorsyre
Kjelder[2][3]

Opal finst særleg i holrom i dagbergartar og sedimentære bergartar, og er danna ved avsetjing frå varme, kiselsyrehaldige løysingar. Han kan òg avsetjast i samband med varme kjelder. Opal blir òg danna som skalmateriale hjå til dømes radiolarar og diatomear.

Edelopal har eit vent fargespel og er ein verdfull edelstein. Desse finst særleg i Australia. I 1970-åra byrja det å kome syntetisk edelopal av fyrsteklasses kvalitet på marknaden. Edel opal kan òg vere gulraud og nesten klår og blåleg.

Vanleg opal er gjennomskineleg eller uklår og syner ikkje fargespel.

Kjelder endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 Gemological Institute of America, GIA Gem Reference Guide 1995, ISBN 0-87311-019-6
  2. «Opal». Webmineral. Henta 5. juli 2014. 
  3. «Opal». Mindat.org. Henta 5. juli 2014. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Opal