Operasjon Overlord
Landgangen i Normandie
Operasjon Overlord er kodenamnet dei vest-allierte brukte på den overordna planen for frigjeringa av Nordvest-Europa, frå Noreg til den franske grensa mot Spania under andre verdskrigen. Operasjon Overlord starta med Operasjon Neptune, den allierte invasjonen i Normandie 6. juni 1944. Dette er den største amfibiske operasjonen nokon gong. Denne dagen og invasjonen er ofte referert til som D-dagen (sjå d-dag).