Operasjon Weserübung

kodenavn for invasjonen av Danmark og Noreg i 1940

Operasjon Weserübung (tysk Unternehmen Weserübung) var kodenamnet på den tyske invasjonen av Noreg og Danmark i april 1940. Kodenamnet kan omsetjast til norsk som 'Weser-øving'. Weser er ei elv i Tyskland. Operasjonen vart delt inn i Weserübung-Nord i Noreg og Weserübung-Süd i Danmark. Dei militære måla med invasjonen var å få tilgjenge til norske hamner. I tillegg ville ein sikra tilgangen på jernmalm frå Kiruna i Sverige, frakta ut via Narvik.

Byar hærsett i starten av operation Weserübung

Operasjonen byrja for den tyske marinen (Kriegsmarine) sin del den 7. april 1940. I operasjonen deltok mellom anna slagskipa «Scharnhorst» og «Gneisenau» i tillegg til kryssarane «Admiral Hipper», «Blücher» og «Lützow». Kriegsmarine måtte tola svære tap i Noreg, mellom anna «Blücher», «Königsberg», «Karlsruhe» og 10 destroyarar. I tillegg gjekk ei mengd ubåtar tapt.

Den britiske marinen byrja krigen med HMS «Warspite» og H-gruppa av jagarar, mellom anna HMS «Hunter» og HMS «Hardy». I tillegg kom mindre marinestyrkar frå Frankrike og Polen: jagarane ORP «Gorm», ORP «Blyskawica» og ubåten ORP «Orzel».

Den tyske regjeringa frykta at motstandarane England og Frankrike skulle invadera dei nordiske landa og så truga det indre av Tyskland derifrå. I alle høve ville det kunne ha vorte laga til ein havsblokade av Tyskland. I tillegg kom at den tyske marinen gjerne ville ha basar for ubåtar i Noreg. Frå Noreg ville dei lettare kunna koma ut i Atlanterhavet og truga konvoiane med forsyningar til Storbritannia.

Sjå òg endre