Oppheim kyrkje, tidlegare Uppheim kyrkje, står på Nedre Oppheim på nordvestsida av Oppheimsvatnet i Voss herad i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1871. Arkitekt for bygget var byggmeister Ole Vangberg, som også stod bak nabokyrkja Vinje kyrkje frå same året. John J. Alver var byggmeister for begge desse kyrkjene som vart reiste i Vossestrand prestegjeld i 1871, og Nils Bergslien måla altertavle til begge tidleg på 1900-talet.

Oppheim kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Voss
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Oppheim
Fellesråd Voss
Type Langkyrkje
Arkitekt Ole Vangberg[1]
Material Tre
Innvigd 1871[2]
Altartavle Av Nils Bergslien
Sitjeplassar 250[2]
Kart
Oppheim kyrkje
60°47′34″N 6°34′31″E / 60.79277778°N 6.57527778°E / 60.79277778; 6.57527778
Wikimedia Commons: Oppheim kyrkje

Teikningane til både Oppheim- og Vinje-kyrkja var baserte på dei laga til Bruvik kyrkje på Osterøy, som igjen bygde på teikningane laga til Fusa kyrkje (1861-1959) av arkitekt Frederik Hannibal Stockfleth. Ei anna systerkyrkje er Gjerstad kyrkje på Osterøy.

Oppheim kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Oppheim kyrkje
Kyrkja og hotell på Oppheim fotografert på slutten av 1800-talet.
Foto: Axel Lindahl

Kyrkja er soknekyrkje i Oppheim sokn i Hardanger og Voss prosti.

Inventar endre

Altertavla har kvinnene som kjem og finn Jesu grav tom som motiv, og er måla av Nils Bergslien i 1906.

Tidlegare kyrkjer på Oppheim endre

Det har vore kyrkje på Oppheim sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Oppheimskyrkja nemnd i kjeldene er frå 1329. Det er bevard ei kyrkjeklokke som kan vere frå slutten av 1200-talet. Mellomalderkyrkja, som truleg var ei stavkyrkje, vart erstatta med ei lafta kyrkje på 1670-talet. 1600-talskyrkja vart riven etter at den noverande kyrkja stod ferdig i 1871. Desse to kyrkjene stod på Øvre Oppheim.[1]

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 «Norges kirker: «Oppheim kirke - Bakgrunn» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning».  Vitja 2. august 2009
  2. 2,0 2,1 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Oppheim kirke». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 357. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff endre