Opna hovudmenyen

Vanskelegstilte kastar, stammar og klassar i India

(Omdirigert frå Opplista kastar og stammar i India)
Distribusjonen av folk frå Scheduled castes (dalitar) i India etter delstat og territorium ut frå folkteljinga frå 2011. Den største prosentdelen fanst i Punjab (ca. 32 %), medan øyterritoria og dei to nordaust-statane hadde 0 %.[1]
Distribusjonen av folk frå Scheduled Tribes (adivasiar) i India etter delstat og territorium ut frå folkteljinga frå 2011. Mizoram og Lakshadweep hadde den høgaste prosentdelen av innbyggjarar som ST (ca. 95%), medan Punjab og Haryana hadde 0 %.[1]

Vanskelegstilte kastar, stammar og klassar i India (engelsk Scheduled Castes, SC, Scheduled Tribes, ST og Other Backward Class, OBC) er offisielle klassifiseringar av grupper som historisk har vore undertrykte i samfunnet, særleg gjennom det indiske kastesystemet. Det finst fleire rettslege ordningar retta mot å betra stilinga deira, som kvotering, lovverk mot diskriminering og utviklingsprogram.

Innhaldsliste

BakgrunnEndra

Ulike former for religiøs, sosial og økonomisk ekskludering råka tradisjonelt dei lågaste gruppene i det indiske kastesystemet og dei som stod utanfor. I Britisk India blei slike undertrykte grupper kalla Depressed Classes. Andre omgrep for dei undertrykte gruppene som ikkje nødvendigvis er heilt presise er «kastelaus», «paria» eller «urørbare». Ei nyare nemning som gruppa sjølv har teke i bruk er «dalit». Stammefolk (urfolk) blei kalla adivasiar frå 1930-åra. Kampen for betra tilhøve for desse gruppene var ein del av den indiske frigjeringsrørsla som særleg B.R. Ambedkar var føregangsmann for.

LovverkEndra

Den britiske Government of India Act 1935, som gav dei indiske provinsane meir sjølvstyre og ein viss føderal struktur, hadde reserverte sete for dei undertrykte gruppene. Her blei omgrepet Scheduled Castes innført som ei erstatning for Depressed Classes.[2] Eit oversyn (eller Schedule) over desse gruppene blei gjeve ut i 1936.

Den indiske grunnlova av 1950 la grunnlaget for ordningar som kunne betra stillinga til vanskelegstilte kaster og stammar. Ho la også til ein tredje kategori, Other Backward Class.

Lovverket la grunnlag for kvotering av representantar frå vanskelegstilte grupper i nasjonalforsamlinga, delstatsforsamlingar og seinare også i offentlege stillingar og utdanningsinstitusjonar.

Protection of Civil Rights Act, 1955 la ned forbod mot kastebasert diskriminering og The Scheduled Castes and the Scheduled Tribes (Prevention of Atrocities Act, 1989) innførte eit strengare lovverk mot hatkriminalitet.

Ein nyare lov, The prohibition of employment as Manual Scavengers & their Rehabilitation Act, 2013, er meint å avskaffa ordninga med at folk frå lågarestilte grupper blir sysselsette med å henta og kasta menneskeleg avføring for hand.[3]

DefinisjonarEndra

Inndeling av medlemmer i dei ulike kategoriane etter religion [4]
Religion SC ST OBC Ikkje på vanskelegstilt liste
Hinduisme 22,2 % 9 % 42,8 % 26 %
Islam 0,8 % 0,5 % 39,2 % 59,5 %
Kristendom 9,0 % 32,8 % 24,8 % 33,3 %
Sikhisme 30,7 % 0,9 % 22,4 % 46,1 %
Djainisme 0,0 % 2,6 % 3,0 % 94,3 %
Buddhisme 89,5 % 7,4 % 0,4 % 2,7 %
Parsisme 0,0 % 15,9 % 13,7 % 70,4 %
Andre 2,6 % 82,5 % 6,25 % 8,7 %
Totalt 19,7 % 8,5 % 41,1 % 30,8%

Scheduled Castes omfattar 16,6 % og Scheduled Tribes omfatta 8,6 % av folketalet i India etter folketeljinga i 2011.[5] Constitution (Scheduled Castes) Order, 1950 listar opp 1 108 ulike kastar i 29 statar og territorium.[6] Constitution (Scheduled Tribes) Order, 1950 lister opp 744 stammar i 22 statar.[7] Other Backward Class omfatta i 41 % av heile folketalet i 2006.

Definisjonen av Scheduled Castes seier at lista berre omfattar hinduar, sikhar og buddhistar, medan Scheduled Tribes og Other Backward Class ikkje er religiøst avgrensa.[8] Studiar av tal frå folketeljingar viser likevel også representantar frå andre religionar, som kristne, i dei undertrykte kastane. Stoda til mange muslimar, som typisk ikkje er med i SC men i ST og OBC, er også blitt omtalt som svært vanskeleg.

Lista over Other Backward Class kan endrast av Ministry of Social Justice and Empowerment om ei heil gruppe blir betre eller dårlegare stilt. SC/ST er mindre fleksible, men kan i teorien endrast av delstatsguvernørar, presidenten eller parlamentet i India.[6][7]

TiltakEndra

I dag er 84 (18,42 %) av dei 543 seta i Det indiske parlamentet reserverte for Scheduled Castes og 47 (8,66 %) for Scheduled Tribes.

Offentlege stillingar og utdanningsplassar har ulike kvoteringsordningar i ulike delstatar. I høgare utdanningsinstitusjonar drivne av føderalstyresmakta er 22,5 % av plassane reserverte for SC og ST med (7,5 % for ST og 15 % for SC).[9] 27 % er reserverte for OBC, slik at totalt 49,5 % av plassane er reserverte.[9] Øvsteretten i India har slått fast at ikkje meir enn 50 % av plassar kan reserverast for kvotering.

Ministry of Social Justice & Empowerment har overoppsyn med utviklinga til Scheduled Castes og andre undertrykte grupper. Ministry of Tribal Affairs blei skipa i 1999 for å ta seg særleg av stoda til stammefolk.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Census of India 2011, Primary Census Abstract (PPT), Scheduled castes and scheduled tribes, Office of the Registrar General & Census Commissioner, Government of India (October 28 2013).
  2. «Scheduled Communities: A social Development profile of SC/ST's (Bihar, Jharkhand & W.B)» (PDF). 
  3. «About Scheduled Castes and Scheduled Tribes «, United Nations in India, in.one.un.org
  4. Etter Schedule 1 og Schedule 10 av tilegjengeleg data frå NSSO 55th (1999-2000) og NSSO 61st Rounds (2004–05) Round Survey. Sachar, Rajindar (2006). «Sachar Committee Report(2004-2005)» (PDF). Government of India. Henta 27. september 2008. 
  5. 2011 Census Primary Census Abstract
  6. 6,0 6,1 The Constitution (Scheduled Castes) Order, 1950, lawmin.nic.in
  7. 7,0 7,1 The Constitution (Scheduled Tribes) Order, 1950, lawmin.nic.in
  8. Scheduled Castes and Scheduled Tribes Introduction
  9. 9,0 9,1 «Affirmative Action and Peer Effects: Evidence from Caste Based Reservation in General Education Colleges in India» (PDF). Virginia University,Virginia. Henta 5 November 2011. 

BakgrunnsstoffEndra