Ora (hebraisk אוֹרָה) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg sørvest for Jerusalem i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2012 hadde Ora 1 229 innbyggjarar.[1]

Ora
אוֹרָה
landsby
Ora i 2007.
Namneopphav: Utstråling
Land  Israel
Region Jerusalemkorridoren
Distrikt Jerusalem distrikt
Kommune Mateh Yehuda
Koordinatar 31°45′15.12″N 35°9′13.32″E
Folketal 1 229 (2012) [1]
Grunnlagd 1950
 - Grunnlagd av jemenittiske jødar
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Ora i Israel
31°45′15″ N 35°9′13″ E
Wikimedia Commons: Ora

Historie Endra

I 1953 donerte Percy Newman, ein britisk industrimann, pengar for å kjøpe 3 000 dekar med land i utkanten av Jerusalem.[2] Jødiske emigrantar frå Jemen slo seg ned der og fekk landområde som var meint for fjørkredrift. Innbyggjarane budde i telt, utan innlagd vatn eller elektrisitet, før 1957. Før grunnlegginga av Kiryat HaYovel, var den næraste naboen Bayit Vegan, som ein kunne nå til fots eller med esel.[3] Tilhøva var så vanskeleg at i 1954 var det berre 13 familiar att. Emigrantar frå Nord-Afrika slutta seg seinare til.[2]

I 1990-åra, etter ei bølgje av russiske emigrantar til Israel, auka eggproduksjonen i moshaven frå 300 millionar til 500 millionar egg i året.[3]

Kjelder Endra