Opna hovudmenyen

Organisasjonen av alliansefrie nasjonar

«NAM» kan også visa til Namibia.
Medlemsstater i NAM i 2005. Lyseblå farge markerer observatørstatus.

Organisasjonen av alliansefrie nasjonar (engelsk Non-Aligned Movement, NAM) er ein internasjonal organisasjon av over 100 statar som reknser seg som nøytrale i høve til dei store maktblokkene. Omgrepet «alliansefrie nasjoner» blei først brukt av den indiske statsministeren Nehru i ein tale i Colombo i 1954, og eit første uformelt møte blei halde i Bandung i Indonesia i 1955.

Organisasjonen blei offisielt stifta i Beograd i september 1961. På stiftinga deltok den jugoslaviske leiaren Josip Broz Tito, egyptiske Gamal Abdel Nasser, indiske Jawaharlal Nehru, indonesiske Sukarno og ghanesiske Kwame Nkrumah. Organisasjonen har ikkje formell grunnlov eller eit permanent sekretariat. Kvart medlemsland skal ha like stor påverknadskraft.

Føremålet til organisasjonen er nedfelt i Havanna-deklararasjonen av 1979 som å sikra «alliansefrie land nasjonal uavhengighet, suverenitet, territoriell integritet og tryggleik i sin kamp mot imperialisme, kolonialisme, nykolonialisme, apartheid, rasisme, zionisme og alle former for utanlandsk aggresjon, okkupasjon, dominans, innblanding eller hegemoni, og mot stormakts- og blokkpolitikk». NAM har mellom anna fokusert på kampen for nasjonalt sjølvstende, utrydding av fattigdom og økonomisk utvikling. Medlemslanda i organisasjonen representerer 55 % av folka på jorda, og nær to tredjedeler av medlemmene i SN.

Viktige medlemsland har vore India, Egypt, Sør-Afrika, Malaysia, Jugoslavia, og ei tid Folkerepublikken Kina. Brasil har aldri vore medlem, men deler mange av måla til organisasjonen, og sender observatørar til møta hans. Medlemsland kan ikkje vera med i ein fleirnasjonalt militæravtale eller vera i militærallianse med ei stormakt i konteksten av «stormaktskonflikter».

NAM var opphavleg meint som ein like tett allianse som NATO og Warszawapakta, men samarbeidet har vora avgrensa, og mange medlemsland har valt side til fordel for ei av stormaktene. Cuba blei til dømes tett knytt til Sovjetunionen. Då Sovjetunionen invaderte Afghanistan i 1979 var medlemmene i NAM splitta i synet på invasjonen.

Organisasjonen av alliansefrie nasjonar har hatt problem med å finna ei relevant rolle etter slutten på den kalde krigen. Etterfølgjarstatane til Jugoslavia har vist lita interesse for NAM, og i 2004 forlet Malta og Kypros organisasjonen då dei blei medlemmer av EU.

MedlemslandEndra

  1.   Afghanistan
  2.   Algerie
  3.   Angola
  4.   Antigua og Barbuda
  5.   Aust-Timor
  6.   Bahamas
  7.   Bahrain
  8.   Bangladesh
  9.   Barbados
  10.   Belize
  11.   Benin
  12.   Bhutan
  13.   Bolivia
  14.   Botswana
  15.   Brunei
  16.   Burkina Faso
  17.   Burundi
  18.   Kambodsja
  19.   Kamerun
  20.   Kapp Verde
  21.   Den sentralafrikanske republikken
  22.   Tsjad
  23.   Chile
  24.   Colombia
  25.   Komorane
  26.   Republikken Kongo
  27.   Elfenbeinskysten
  28.   Cuba
  29.   Den demokratiske republikken Kongo
  30.   Den dominikanske republikken
  31.   Djibouti
  32.   Dominica
  33.   Ecuador
  34.   Egypt
  35.   Ekvatorial-Guinea
  36.   Eritrea
  37.   Etiopia
  38.   Gabon
  39.   Gambia
  40.   Grenada
  41.   Ghana
 
  1.   Guatemala
  2.   Guinea
  3.   Guinea-Bissau
  4.   Guyana
  5.   Honduras
  6.   India
  7.   Indonesia
  8.   Iran
  9.   Irak
  10.   Jamaica
  11.   Jemen
  12.   Jordan
  13.   Kenya
  14.   Kuwait
  15.   Kviterussland
  16.   Laos
  17.   Libanon
  18.   Lesotho
  19.   Liberia
  20.   Libya
  21.   Madagaskar
  22.   Malawi
  23.   Malaysia
  24.   Maldivane
  25.   Mali
  26.   Mauritania
  27.   Mauritius
  28.   Mongolia
  29.   Marokko
  30.   Mosambik
  31.   Myanmar
  32.   Namibia
  33.   Nepal
  34.   Nicaragua
  35.   Niger
  36.   Nigeria
  37.   Nord-Korea
  38.   Oman
  39.   Pakistan
 
  1.   Palestina
  2.   Panama
  3.   Papua Ny-Guinea
  4.   Peru
  5.   Filippinane
  6.   Qatar
  7.   Rwanda
  8.   Saint Lucia
  9.   Saint Vincent og Grenadinane
  10.   São Tomé og Príncipe
  11.   Saudi-Arabia
  12.   Senegal
  13.   Seychellane
  14.   Sierra Leone
  15.   Singapore
  16.   Somalia
  17.   Sør-Afrika
  18.   Sri Lanka
  19.   Sudan
  20.   Surinam
  21.   Swaziland
  22.   Syria
  23.   Tanzania
  24.   Thailand
  25.   Togo
  26.   Trinidad og Tobago
  27.   Tunisia
  28.   Turkmenistan
  29.   Uganda
  30.   Dei sameinte arabiske emirata
  31.   Usbekistan
  32.   Vanuatu
  33.   Venezuela
  34.   Vietnam
  35.   Zambia
  36.   Zimbabwe

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra