Organisasjonen av amerikanske statar

Organisasjonen av amerikanske statar (OAS) er ein internasjonal organisasjon for dei sjølvstendige statane i Amerika.

OAS-flagget
Hovudkontoret til OAS i Washington

OAS omfattar alle dei 35 sjølvstendige statane i Amerika. Likevel vart Honduras utestengd frå aktiv deltaking i OAS i 2009 på grunn av kuppet som fjerna José Manuel Zelaya frå president-tittelen. OAS meiner at dette er ein foreløpig utestengning, og at Honduras kjem til å komme "inn i varmen" igjen når landet har gått tilbake til demokratiet.

Cuba var totalt utestengt frå deltaking i OAS mellom februar 1962 og juni 2009 utifrå eit vedtak på det åttande konsultative møtet i Punta del Este i Uruguay den 31. januar 1962, fordi landet hadde ei kommunistisk regjering. 14 land stemde for 1962-resolusjonen, eitt land mot (Cuba) og seks stemde ikkje (Argentina, Bolivia, Brasil, Chile, Ecuador og Mexico). Cuba kom uansett inn igjen den 3. juni 2009 etter ein rekke samtalar om mellom anna menneskerettar.

Organisasjonen har sete i Washington D.C.

MedlemslandEndra

Dette er dei 34 aktive medlemslanda i OAS:

Land som heilt eller delvis er medlem, men ikkje er aktiveEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra