Orienteparula
Orienteparula (Teretistris fornsi) er ein av to fugleartar i kubaparulafamilien, Teretistridae. Han er endemisk for sentrale og austlege Cuba.[1]
Orienteparula | |
Orienteparula, Teretistris fornsi Foto: Charles J. Sharp
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Orienteparula | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Kubaparulafamilien |
Slekt: | Teretistris |
Art: | Orienteparula T. fornsi |
Vitskapleg namn | |
Teretistris fornsi |
Taksonomi og systematikk
endreOrienteparula er ein av to artar i slekta Teretistris og slekta er monotypisk i kubaparulafamilien. Slekta var opphavleg plassert i parulafamilien (Parulidae), men fylogenetiske studiar av nukleært og mitokondrielt DNA førte til revurdering av fleire slekter og i 2017 vart desse to kubanske parulaene splitta ut til sin eigen familie.[2]
Orienteparula har to underartar, nominatforma T. f. fornsi og T. f. turquinensis.[2]
Skildring
endreOrienteparulaer er omtrent 13 cm lange og veg 7,4 til 13 gram. Krona, nakken og oversida er grå. Ansiktet, halsen og brystet har klår gul farge; buken og undersida av halefjørene er kvite eller lys grå. Dei har ein markert gul augering, og nebbet er svakt nedbøygd.[1]
Nominatunderarten av orientsongar finst i fjella og kysten av det austlege Cuba og Sabana-Camagüey-skjergarden utanfor nordkysten til hovudøya. T.f. turquinensis finst i Sierra Maestra langs søraustkysten av Cuba. Arten kan observerast i kratt, halvtørre skogar nær kysten og i meir fuktig skog oppe i høgda. Han har habitat i alle tilgjengelege typar av skog så lenge dei lågare nivåa av skogen er relativt upåverka, og også i krattskog i tørrare strøk. Høgdnivået for arten ligg frå havnivå til nesten 2000 moh. [1] Dette er standfuglar som rører seg lite.[1]
Orienteparula søkjer føde frå bakken til skogen midt på trea, hovudsakleg ved å sanke, men også ved å sveve-plukke og sondere bork og klumpar av daude blad. Det viktigaste byttedyret er biller (Coleoptera), men han lever òg av andre insekt, andre virvellause dyr, små øgler og kanskje små frukter. Utanom hekkesesongen beitar han ofte i små flokkar av opptil 16 individ og kan vere aktiv i fleirartsflokkar med til dømes kubavireoar.[1]
Hekkesesongen er frå mars til juli, med egglegging i mars og april. Han byggjer reir av mose, gras, rotblad og andre plantefibrar. Reiret er vanlegvis plassert i ein klump av epifytten Tillandsia omtrent ein meter opp på ei grein eller gaffel av eit tre. Kullet er på to eller tre egg. Rugetida er åtte eller ni dagar og ungane flyg 10 til 11 dagar etter klekking.[1]
Songen til orienteparulaen er «ein serie 'buzzy' tonar ispedd søtare tonar». Kall og rop inkluderer ein «skarp 'tchip'».[1]
Status
endreIUCN har vurdert arten orienteparula til å vere livskraftig. Han har eit avgrensa utbreiingsområde på Cuba og storleiken på populasjonen er ukjend, men er truleg stabil. Det er ikkje identifisert nokre direkte trugsmål mot arten.[3] Han er «sannsynlegvis vanleg innanfor sitt avgrensa og ganske oppstykka utbreiingsområde». [1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen er omsett frå «Oriente warbler» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2024
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Curson, J. (2020). Oriente Warbler (Teretistris fornsi), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.oriwar1.01
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2017, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.12, page 643, Teretistridae (Cuban Warblers), Cornell Lab of Ornithology
- ↑ BirdLife International (2016). «Oriente Warbler Teretistris fornsi». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T22721870A94736328. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-3.RLTS.T22721870A94736328.en. Henta 8. september 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Orienteparula hos Artsdatabanken
- (en) Orienteparula i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Orienteparula hos ITIS
- (en) Kategori:Teretistris fornsi – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Teretistris fornsi – detaljert informasjon på Wikispecies